Klassekamp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For avisa, sjå Klassekampen.

Klassekamp er ein klassekonflikt innanfor marxistisk og sosialistisk teori. Striden mellom sosiale klassar hender som fylgje av klassane sin ymse makt og eigarskap over produksjonsmiddela.[1]

Karl Marx sin klassekamp har ingenting å gjere med nokon nedarva kaste, og det er heller ikkje heilt det same som ein sosialistisk klasse i sosiologsk forstand, som i overklasse, underklasse og middelklasse (omgrep som er knytt til inntekt eller formue, men også til kulturelle preferansar). Under det kapitalistiske historiske utviklingsstadium som Marx skildrar forstår ein klasseinndelinga som plassering i det økonomiske systemet, eller den sosiale strukturen som eksisterer under kapitalismen.

Hovudtanke[endre | endre wikiteksten]

Marx opererer i hovudsak med to klassar, som omfattar det meste av befolkninga: proletariatet og borgarskapet. Andre klassar, slik som småborgarskapet, har karakteristikkar frå begge desse klassane. Proletariatet (eller arbeidarklassen) er arbeidstakarar i bedriftene, og borgarskapet (kapitalistar) eig bedriftene.[1] Dei to klassane har dermed stikk motsette interesser, ved at arbeidstakarane ynskjer høgast mogleg lønn og best mogleg arbeidskår, medan borgarskapet vil at lønnsnivået skal vere så lågt som mogleg for å halde kostnadane nede. Denne interessemotsettinga er grunnlaget for kampen mellom klassane.

Innanfor sosialismen er det ulike meiningar om korleis klassekampen skal verta sett på og definert. Karl Marx og Friedrich Engels, som var sentrale ideologar innanfor kommunismen, la fram grunnsynet sitt på klassekampen i skriftet Det kommunistiske manifest av 1848. Etter deira syn er klassekampen eit drivande element i historia (sjå historisk materialisme), og klassekampen mellom proletariatet og borgerskapet i kapitalismen, vil leia til proletariatet sin siger gjennom opprettinga av ei sosialistisk statsmakt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Berg, Ole T. (18. juni 2020). «klassekamp». Store norske leksikon (på norsk bokmål).