Klassisk indisk dans
Klassisk indisk dans er eit samleomgrep for ulike indiske danseformer med opphav i natya, heilage musikalske framføringar innan hinduismen. Teorien bak dansen kan sporast tilbake til verket Natyasjastra frå 300-talet f.Kr. Dansane har typisk visse fastlagde talande auge- og handrørsler som bidreg til å fortelja ei forteljing, faste kostyme og gjerne også faste rollar. Utøvinga av desse dramaformene treng ikkje berre omfatta dans, men kan også innehalda song, tale og bruk av musikkinstrument.
Danseformer
[endre | endre wikiteksten]Sangeet Natak Akademi gjev åtte indiske danseformer status som klassiske: Bharatanatyam, kathak, kathakali, kuchipudi, manipuri, mohiniyattam, odissi og sattriya.[1][2] Det finst også andre dansar som kan kallast klassiske, til dømes gaudiyanritya frå Bengal og andhranatyam frå Andhra Pradesh.
| Danseform | Opphav | Bilete | |
|---|---|---|---|
| Bharatanatyam | Tamil Nadu | ||
| Kathak | Uttar Pradesh | ||
| Kathakali | Kerala | ||
| Kuchipudi | Andhra Pradesh | ||
| Manipuri | Manipur | ||
| Mohiniyattam | Kerala | ||
| Odissi | Orissa | ||
| Sattriya | Assam | ||
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Indian classical dance» frå Wikipedia på engelsk, den 4. april 2011.
- Fotnotar
- ↑ «Indian Classical Dance». One India. 19. april 2009. Henta 11. juni 2010.
- ↑ Narayan, Shovana (2005). Indian classical dances: "ekam sat vipraah bahudaa vadanti". Shubhi Publications. s. 5.
Denne kulturartikkelen som har med India å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |