Knights of Cydonia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Knights of Cydonia
Song av Muse
frå albumet Black Holes and Revelations
Land England
Språk Engelsk
Utgjeve 13. juni 2006
Sjanger New prog, alternativ rock, space rock
Lengd 6:07 (Album-versjon), 4:48 (Internasjonal radio-versjon), 4:42 (Amerikansk radio-versjon), 3:58 (Radio-versjon)
Selskap Warner Bros., Helium-3
Tekstforfattar Matthew Bellamy
Låtskrivar(ar) Matthew Bellamy
Produsent Rich Costey, Muse

«Knights of Cydonia» er ein song av det britiske alternativ rockebandet Muse og det siste sporet på albumet deira Black Holes and Revelations frå 2006. Tittelen til songen kjem delvis av regionen CydoniaMars, kjend for «andletet på Mars».

Historie[endre | endre wikiteksten]

Radio-versjonen blei fyrst send på radiokanalen KROQ-FM den 6. juni 2006 og gjeven til andre radiostasjonar i USA den 12. juni 2006. Songen vart utgjeve som den tredje singelen frå Black Holes And Revelations i Storbritannia den 27. november 2006, og kom på 10. plass på UK Singles Chart og 10. plass på Billboard Modern Rock Tracks-lista i USA. Dette blei då den tredje topp-ti songen deira på denne lista. Songen blei den 27. oktober 2006 skildra av BBC Radio 1 DJ-en Annie Mac som «seks minutt og sju sekund med rein genialitet». Eve of Summer laga ein remix av songen i 2007.

Muse gjorde den fyrste framsyninga av «Knights of Cydonia» på Radio 1's Big Weekend, arrangert av BBC Radio 1 i Camperdown Park i Dundee den 13. mai 2006. Her framførte dei også «Supermassive Black Hole» og «Starlight», dei to fyrste singlane frå Black Holes And Revelations. Bellamy plar å ha ein høgare og tydelegare falsett i songen sin intro når bandet framfører «Knights of Cydonia» i forhold til den studio-innspelte versjonen. Sidan framsyningar frå 2008 har Wolstenholme spelt «The Man With the Harmonica» av Ennio Morricone frå Once Upon a Time in the West med munnspel som introduksjon til songen. Andre framsyningar har inkludert Bellamy spele ein ekstra lang gitarsolo på slutten av songen, der Howard avsluttar songen med ein kort trommesolo og til slutt kodaen til «Space Dementia».

Komposisjon og tyding[endre | endre wikiteksten]

I introen blir det brukt sitat frå det musikalske uttrykket i filmen Nærkontakt av tredje grad. Det blir brukt trompet blanda med stemmeleie til Bellamy som spenner seg frå B3-E6 gjennom songen. Gitar-melodien var inspirert av songen «Telstar» av The Tornados (som George Bellamy, Matthew Bellamy sin far, var rytmegitaristen til) frå 1962. Songen startar med lyden av ein eksplosjon, deretter eit hesteknegg. Fram til 2:03 i songen er ein gitarsolo, før Bellamy byrjar songen med «Come ride with me, through the veins of history».

Songen sitt bodskap er å læra folk å stå opp for seg sjølv og laga sin eigen skjebne.

Bellamy har uttalt at han på albumet generelt prøvde å skapa eit bilete av kva som skjer i songen. Til dømes har basslina ein galopperande rytme som kan likne nokon som rir ein hest.

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Musikkvideoen til «Knights of Cydonia» blei filma på fem dagar; tre i Romania, èin i London, og ein dag i Rei Rock, California. Den blei gjeven ut den 11. juli 2006. Den har ein spaghetti-western og post-apokalyptisk-stil, blanda med kung-fu cowboyar, metall-kledde kvinner på einhjørning og futuristiske element som robotar og strålepistolar.

Videoen er regissert av Joseph Kahn, med Russ Bain som hovudpersonen («The Man With No Name»), Richard Brake som antagonist («Sheriff Baron Klaus Rottingham»), og Cassandra Bell som elskerinne («Princess Shane Kuriyami»). Bandet blir vist i enkelte scener som hologram.

I populærkultur[endre | endre wikiteksten]

Songen har m.a. blitt brukt i desse samanhengane:

  • Sidan 2013 har songen blitt spelt i byrjinga av kvar Dallas Stars-heimekamp.
  • Songen er brukt i reklamen til Whale WarsAnimal Planet.
  • Songen blei omtalt i musikk videospelet Guitar Hero III: Legends of Rock og Rocksmith 2014.
  • «Knights of Cydonia» blei spelt under Australia si dekning av OL i 2008.
  • Patrick Ness seier songen var inspirasjon for boka hans, The Knife of Never Letting Go.
  • Songen blei også spelt på NBC under Sommar-OL 2008 i Beijing rett etter Michael Phelps vann sitt åttande gull og brøyt Mark Spitz sin rekord for «antal gullmedaljar vunne i eit OL».
  • Songen blei omtalt i dokumentaren Warren Miller's Playground.
  • Songen blei omtalt i dokumentaren om den ekstreme skiløparen «McConkey» (2013).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]