Uno av Muse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Songen Uno)
Uno
Song av Muse
frå albumet Showbiz
Utgjeve 14.juni 1999
Innspelt April 1999, RAK Studios, London
Sjanger Alternative rock, progressiv rock, støyrock, hard rock
Lengd 3:38 (album-versjon)

3:00 (radio-versjon)

Selskap Taste/Mushroom
Komponist Matthew Bellamy
Tekstforfattar Matthew Bellamy
Låtskrivar(ar) Matthew Bellamy
Produsent Paul Reeve, Muse

«Uno» er ein song av det engelske alternativ-rock bandet Muse, frå debut-studioalbumet deira Showbiz. Songen blei godt motteke av kritikarane, men nådde berre nummer syttitre på UK Singles Chart.[1]

Bakgrunn og komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Den delvis gjennomsiktige «Uno» promo CD-en.

Songen kom fyrst ut på Muse sin andre EP, Muscle Museum EP.] «Uno» blei utgjeve på CD (med B-sidene «Jimmy Kane» og «Forced In») og på 7 "vinyl (med «Agitated»). Ein akustisk versjon av songen blei utgjeven på 7 "vinyl.

Musikkvideoar[endre | endre wikiteksten]

Det blei produsert tre musikkvideoar for «Uno». Den fyrste var spelt inn på Tower Bridge og vis bandmedlemmane står stilt mellom massar av folk, med klipp frå ein live lydsjekk intercut. Denne videoen har vorte fordømt av bandet og skildra som «skammeleg» og «pinleg».

Den andre videoen blei regissert av Wolf Gresens og Bernard Wedig. Denne viser bandet som spelar i eit rom, medan ei kvinne går gjennom ei rekkje korridorar i eit forsøk på å finna dei. Ho kjem til ei dør der Matthew Bellamy ser ut til å stå, men når ho opnar døra finn ho ein stor grop, som ho klarer å unngå å falle i. Video vert avslutta med at kvinna stirar på ei dør nummerert «1», som synest å vera den same som ho starta ved.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Chart Stats - Muse» (på engelsk). Chart Stats. Henta 1. august 2015.