Matthew Bellamy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Matthew Bellamy
Flickr - moses namkung - Muse-2.jpg
Verkeleg namn Matthew James Bellamy
Fødd 9. juni 1978
Cambridge
Instrument

Vokal, gitar, piano, keyboard.

Sjanger Alternativ rock, progressiv rock, elektronisk rock, symfonisk rock, alternativ metal, prog-metal
Aktive år 1994-no
Yrke musikar, låtskrivar, artist, musikkprodusent, komponist, arranger, multiinstrumentalist
Tilknytte artistar Muse
Plateselskap Warner Bros., Mushroom, East West, Helium 3, Taste

Matthew James «Matt» Bellamy (fødd 9. juni 1978 i Cambridge) er ein engelsk musikar, songar, låtskrivar, multiinstrumentalist og komponist. Han er best kjend som vokalist, gitarist, pianist og låtskrivar for rockebandet Muse. Bellamy er kjend for sitt vide vokalspekter og evner på piano og gitar.[1][2]

Oppvekst[endre | endre wikiteksten]

Bellamy sin far, George Bellamy, var rytmegitarist i popgruppa The Tornados, som var aktive på 1960-talet. Med songen deira «Telstar» var dei det fyrste britisk bandet som fekk ein song øvst på hitlistene i USA.[3] «Knights of Cydonia», ein singel frå Muse sitt fjerde album, Black Holes And Revelations, blir ofte sett på som ein heider til den songen. Singelen er space rock–inspirert og har ein musikkvideo som skildrar ein cowboy på søken gjennom eit framandt landskap.

Bellamy si mor, Marilyn, vart fødd i Belfast, og flytta til England på 1970-talet. På den fyrste dagen sin i England møtte ho George, som på den tida jobba som drosjesjåfør i London. Dei flytta seinare saman til Cambridge der Matthew sin eldre bror Paul vart fødd, etterfylgt eit par år seinare av Matthew. På midten av 1980-talet flytta familien til Teignmouth i Devon. Etter at foreldra skilde seg budde Bellamy saman med mora og bror sin. Bellamy byrja å spele piano i ein alder av 6 år og gitar då han var 11. Den fyrste musikalske framføringa hans var i juni 1991, 12 år gammal, då han spelte piano framfor skulen sin, Teignmouth Community College.[4]

Muse[endre | endre wikiteksten]

Muse har opphav ved Teignmouth Community School i Teignmouth i Devon, der Bellamy hadde vore i ei rekkje band tidlegare med trommeslagar Dominic Howard, inkludert Carnage Mayhem og Gothic Plague. Når medlemmane av Gothic Plague forlét bandet grunna andre interesser, bad Bellamy og Howard Wolstenholme om å bli med i staden for. I 1994 vann dei skulen sin «Battle of the Bands» med bandnamnet Rocket Baby Dolls, som førte til at dei tok bandet meir seriøst. Dei avgjorde å skifta namn til eit meir profesjonelt eit, og Muse vart til. Bandet bestod (og består enno av) Matthew Bellamy, Christopher Wolstenholme (bass gitar og bakgrunnsvokal) og Dominic Howard (perkusjon).

Bellamy opptrer live på Virgin Festival i Toronto med Manson-gitaren Chrome Bomber Manson.

Muse sleit med å etablera seg dei fyrste åra, men har sidan fått verdsomspennande suksess. Muse blandar alternativ rock, kunstrock, eksperimentell rock, progressiv rock, klassisk musikk, elektronika og mange andre sjangrar. Bandet er òg kjent for sine energiske og visuelt blendande live-framføringar.[5] Den 16. til 17. juni 2007 blei Muse det fyrste bandet som selte ut den nybygde Wembley Stadium i London.[6] Muse har gjeve ut sju studioalbum; Showbiz (1999), Origin of Symmetry (2001), Absolution (2003), Black Holes And Revelations (2006), The Resistance (2009), The 2nd Law (2012) og Drones (2015). Muse har òg gjeve ut to live album, HAARP (2008) og Live at Roma Olympic Stadium (2013), som er eit samlealbum. Samlinga Hullabaloo (2002) bestod av to plater; den fyrste plata inneheld ei samling av 10 B-sider innspelt mellom mars 1999 og oktober 2001, mens den andre inneheld 11 live songar spelt inn den 28. til 29. oktober 2001 på Le Zenith i Paris.

Omtale[endre | endre wikiteksten]

Bellamy blei rangert som nr. 19 på Gigwise si liste over dei 50 beste gitaristane nokon sinne.[7] Total Guitar-lesarar kåra Bellamy til nr. 29 på ei liste over dei 100 beste gitaristane gjennom tidene. Riffen til «Plug in Baby» blei nr. 13 i Total Guitar si måling over dei 100 beste riffane nokon sinne.

I april 2005 rangerte magasinet Kerrang! han som nr.28 av dei 50 mest sexy artistane innan rock, og Cosmopolitan kåra han til den mest sexy rockaren i 2003 og 2004 . Bellamy vann òg «Sexiest Man Award» på NME Awards i 2007.[8] Han vann også i 2009, 2010, 2011, 2013 og 2014, og var nominert i 2012. Likevel seier Bellamy at han synest han er «for låg til å vera sexy» (han er 170 cm), og sa at prisen burde ha gått til Dom Howard, trommeslagaren i Muse.

NME-magasinet kåra Bellamy til den 14. største Rock'n'roll-helten nokon gong, betre rangert enn John Lennon og Bob Dylan. Den 26. september 2008 tildelte University of Plymouth medlemmane i Muse ein æresdoktorgrad i kunst for arbeidet sitt innan musikk.[9]

I januar 2010-utgåva av Total Guitar var Bellamy kalla «tiårets gitarist» og blei kunngjort som «sin generasjons Hendrix».[10] I Guinness rekordbok 2010 er Bellamy kreditert for å ha verdsrekorda for flest gitarar knust på ein turné. Rekorden hans på 140 gitarar skjedde under Absolution-turneen. I april 2010 vart Bellamy kåra til den åttande beste frontmannen gjennom tidene av lesarane i magasinet Q.[11]

Privatliv[endre | endre wikiteksten]

I ni år var Bellamy forlova med ein italiensk psykolog med namn Gaia Polloni. Dei skilde lag i 2009, og i 2010 byrja han å gå ut med den amerikanske skodespelaren Kate Hudson.[12] Bellamy og Hudson forlova seg i april 2011.[13] Dei fekk ein son saman, Bingham Hawn «Bing» Bellamy,[14] som vart fødd i juli 2011 i Los Angeles.[15] I desember 2014 blei det kjend at Bellamy og Hudson hadde skilt seg.[16] Siden februar 2015 har Bellamy vore saman med modell og skodespelar Elle Evans, som òg spela hovudrolla i musikkvideoen til «Mercy», ein singel til bandets nyaste album, Drones.[17]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Pictures of The greatest guitarists alive today – Photos» (engelsk). NME. 11. august 2010. Henta 22. juli 2015. 
  2. «Trying to make sense of Muse at Voodoo Fest» (engelsk). NOLA.com. 11. august 2010. Henta 22. juli 2015. 
  3. «Revelation on stage» (engelsk). London Evening Standard. Henta 22. juli 2015. 
  4. «Matt Bellamy, Muse, age 12». Youtube. Henta 22. juli 2015. 
  5. «Muse play supermassive free show» (engelsk). NME News. 26. juni 2006. Henta 22. juli 2015. 
  6. Dan Martin. «Muse play Wembley Stadium mega gig» (engelsk). NME News. 
  7. «The 50 Greatest Guitarists... Ever!» (engelsk). Gigwise. 18. februar 2008. Henta 22. juli 2015. 
  8. «Kate Rocks NME Awards – Sky Showbiz.» (engelsk). BSkyB. Henta 22. juli 2015. 
  9. «University honour for rock stars Muse» (engelsk). The Herald. 26. september 2008. Henta 22. juli 2015. 
  10. «Muselive.» (engelsk). Muselive. Henta 22. juli 2015. 
  11. «Q 286 – Featuring The 100 Greatest Frontmen» (engelsk). Henta 22. juli 2015. 
  12. «Bellamy Confirms Hudson Romance Rumours.» (engelsk). Contactmusic.com. 3. juli 2010. Henta 22. juli 2015. 
  13. «Kate Hudson Is Engaged» (engelsk). People. 27. april 2011. Henta 22. juli 2015. 
  14. «Muse's Matt Bellamy and Kate Hudson name newborn son Bingham» (engelsk). NME. 14. juli 2011. Henta 22. juli 2015. 
  15. Byrne, Alla. (27. april 2011). «Kate Hudson, Matthew Bellamy Have Baby.» (engelsk). People.com. Henta 22. juli 2015. 
  16. Steiner, Amanda Michelle (8. desember 2014). «Kate Hudson and Matt Bellamy Call Off Engagement» (engelsk). People.com. Henta 22. juli 2015. 
  17. «Matthew Bellamy and Elle Evans Dating» (engelsk). The Daily Mail. Henta 22. juli 2015.