Dominic Howard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Dominic Howard
Dominic Howard of Muse at Air Canada Centre, Toronto on April 10, 2013 as part of The 2nd Law tour.jpg
Fødd 7. desember 1977
Stockport i England
Stockport
Instrument

Trommer

Sjanger Alternativ rock, new prog, elektronisk rock, symfonisk rock
Aktive år 1994-no
Yrke musikar, multiinstrumentalist
Tilknytte artistar Muse
Plateselskap Warner Bros., Mushroom, East West, Helium 3, Taste

Dominic James Howard (fødd 7. desember 1977 i Stockport) er ein engelsk musikar best kjend som trommeslagar, perkusjonist og medprodusent for det alternative rockebandet Muse.

Under framføring av «Uprising» på Estadio Ciudad de La Plata

Oppvekst[endre | endre wikiteksten]

Howard vart fødd i Stockport, Greater Manchester, England. Då han var rundt 8 år gammal flytta han med familien til Teignmouth, ein liten by i Devon. Han byrja å spela trommar i 12 års-alderen, då han blei inspirert av eit jazzband som hadde opptrett på skulen.

Carnage Mayhem var det fyrste bandet til Howard, som han spelte i mens han gjekk på skulen. Der blei han ven med Matthew Bellamy, som spelte gitar, men ikkje hadde eit stabilt band. Han blei med i Howard sitt band, og etter 2 år foreslo Bellamy at dei kunne skrive sine eigne songar. Berre Bellamy og Howard blei verande, og dei inviterte Chris Wolstenholme med i bandet. I dei fyrste månadene av 1994 blei Gothic Plague til, etterfylgt av Rocket Baby Dolls og til slutt Muse. Howard er ein venstrehendt trommeslagar. Han har òg tromma i Vicky Cryer med Jason Hill frå Louis XIV.

Privatliv[endre | endre wikiteksten]

I 2004 kom Howard sin far, William Howard, for å sjå Muse opptre på Glastonbury Festival. William døydde av eit hjarteinfarkt like etter showet var ferdig, og bandet avlyste fleire show i Italia-turneen og på Roskilde Festival. I ein spørsmålsrunde der Howard og Bellamy svara på spørsmål frå fansen, uttalte Howard at kjendisen han hadde mest lyst til å møta var Jimi Hendrix. Han hadde ein hund med namn Hendrix.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]