Knut J. Nerheim
Utsjånad
| Knut J. Nerheim | |||
| | |||
| Fødd | 15. juni 1875 Vestnes kommune | ||
|---|---|---|---|
| Død | 30. oktober 1927 (52 år) | ||
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Yrke | bonde | ||
| Alle verv | |||
Knut Jonsson Nerheim (15. juni 1872–30. oktober 1927) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Tresfjord i Romsdal.
Nerheim tok over Jogarden på Nerem i Tresfjord etter far sin. Trass i at han ikkje hadde anna formell utdanning enn folkeskule, fekk han mange tillitsverv i heimbygda og Romsdal. Såleis var han formann i det kommunale elektrisitetsverket og i forliksrådet, styreformann i Vestnes Sparebank, samt medlem i ymse representantskap og styre. I tida 1905 til 1919 var han medlem i Tresfjord heradsstyre, ordførar i treåsperioden 1914-16. Etter stortingsvalet 1917 var han varamann for Iver A.R. Ræstad, møtte såleis på Stortinget i ein del av 1920-sesjonen. På ny heradsstyremedlem 1925-27.