Knut Nordanger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Knut Nordanger

Fødd10. desember 1883
Manger kommune
Død31. mai 1965 (81 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, lærar, embetsmann
Utdanna vedStord lærarhøgskule
Alle verv

Knut Monsson Nordanger (10. desember 188331. mai 1965) var ein norsk lærar, politikar og embetsmann frå Hordabø i Hordaland. Han var stortingsrepresentant frå Akershus fylke og Arbeidarpartiet frå 1925 til 1936, og fylkesmann i Hedmark 1936-53.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Nordanger tok eksamen ved lærarskulen på Stord i 1903, og underviste så i Ryfylke, på Høland og på Lillestrøm. Han var i Lillestrøm skulestyrar frå 1919 til -35. I Lillestrøm var han aktiv i lokalpolitikken og var ordførar i to periodar, 1917-19 og 1923-31.

Ved stortingsvalet 1924 fekk Nordanger plass på Stortinget, vald frå Akershus og Arbeidarpartiet. I dei to fyrste tingbolkane, 1925- og 1928-30 var han med i Justiskomiteen, nestformann i den andre bolken. Bolken 1931-33 var han medlem i Kyrkje- og skulekomiteen, samt nestformann i Lovkomiteen. I den siste treårsbolken, 1934-36, var han formann i Kommunalkomiteen.

Nordanger opparbeidde seg stor kunnskap i kommunale spørsmål og var med i ei mengd nemnder og utval. Han gav i 1931 ut bøka De arbeiderstyrte kommuner og skreiv saman med Arnljot Engh Kommunalkommunskap, som kom ut 1936-40.

Nordanger vart i 1935 utnemnd til fylkesmann i Hedmark, eit embete han vart fjerna frå av nazi-styresmaktene i 1942. Han fekk tilbake posisjonen i 1945 og var fylkesmann til 1953.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]