Stortingsvalet 1924

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Stortingsvalet 1924 vart halde i Noreg hausten 1924.

Resultat[endre | endre wikiteksten]

Parti Del av røystene (%) Endring i høve til 1921 Mandat Endring i høve til 1921
Fellesliste Høgre og Frisindede Venstre 32,1 - 1,1 54 - 3
Venstre 18,7 - 1,4 34 - 3
Arbeidarpartiet 18,4 - 2,9 24 - 5
Bondepartiet 13,5 + 0,4 22 + 5
Socialdemokratane 8,8 - 0,4 8 0
Norges Kommunistiske Parti 6,1 + 6,1 6 + 6
Det Radikale Folkeparti 1,8 - 0,8 2 0
Frisindede Venstre 0,3 + 0,3 0 0
Total 100 0 150 0

Om resultatet[endre | endre wikiteksten]

Dette valet var det einaste stortingsvalet då alle dei tre partia til den sosialistiske arbeidarrørsla stilte til val: Socialdemokratane hadde gått ut av Arbeidarpartiet i 1921 og beheldt i 1924 dei åtte mandata dei vann då, medan Kommunistpartiet braut ut i 1923 og vann seks mandat ved dette valet. Arbeidarpartiet tapte fem mandat. Bondepartiet fekk god utteljing for ein svak framgang i røystetal med fem nye mandat, medan både Venstre og Høgre gjekk tilbake. For Venstre sitt tilfelle var dette det fjerde valet på rad med tilbakegang. Grunna den fragmenterte politiske situasjonen, som gjorde det umogleg for nokon å danna fleirtalsregjering, vart Venstreregjeringa til Johan Ludwig Mowinckel likevel sitjande fram til 1926, då ho vart erstatta av ei Høgre/Frisinna Venstre-regjering under Ivar Lykke.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Førre: 1921 Stortingsval Neste: 1927