Knut Odner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Knut Odner
Fødd 7. desember 1924
Død

4. mars 2008

Yrke arkeolog, antropolog

Knut Odner (7. desember 19244. mars 2008) var ein norsk arkeolog og sosialantropolog. Han tok magistergraden i arkeologi og hadde sitt arbeid ved Universitetet i Bergen frå 1963 til 1971, då han òg var ei tid i Kenya og arbeidde ved The British Institute of History and Archaeology in Eastern Africa. Seinare var han tilsett ved Universitetet i Oslo.

Knut Odner var i løpet av tida som stipendiat ved Universitetet i Bergen, feltleiar under dei arkeologiske utgravingane i Ullshelleren i ValldalenHardangervidda, og publiserte resultata i Årbok for Universitetet i Bergen. Humanistisk serie 1969:1. Tidleg i utgravingsarbeidet i denne helleren, som seinare vart sett under vatn saman med mykje av Valldalen elles som fylgje av utbygginga av vasskraftverk (Røldal-Suldalprosjektet), synte funna at helleren hadde vore nytta som buplass for menneske i særs lang tid. Det vart òg funne helleristningar inne i helleren av ein type som elles vert knytt til jordbrukssamfunn i bronsealderen, ei karakteristisk skipsteikning og teikningar av fotsåler. Dessutan vart det konstatert spor etter korndyrking mellom 10 000 og 500 år før Kr.f. i området, som ligg i 700 meters høgd over havet, ettersom kornpollen som kunne tidfestast radiologisk vart funne i ei myr. Ut frå dette meinte Odner at dei folka som hadde hatt tilhald i Ullshelleren i bronsealderen hadde levd innafor dei geografiske grensene av i eit større og velorgansiert samfunn, eit høvdingdøme, som hadde sitt sentrum ein annan stad. Høvdingen hadde ifølgje Odners teori kontroll med produkta frå jordbruk, jakt og fiske i sitt område, og sytte for ei for form redistribusjon av desse produkta på eit vis som kunne halde oppe samfunnet i Valldalen på årsbasis, og med det få utbytte av den jakta og det fisket som dette vesle høgfjellssamfunnet kunne bidra med. Teorien om denne såkalla «redistributive økonomisk organsisasjonen» som Odner meinte var kjennteiknet på det samfunnet folket i Ullshelleren var ein del av, bygde på etnografiske og sosialantropologiske studie frå andre stader i verda. Teoriane til Odner vart møtt med både motbør og innvendingar, men fekk likevel mykje å seie for norsk arkeologisk forsking[1].

I 1989 vart Knut Odner dr. philos. på avhandlinga The Varanger Saami: habitation and economy 1200-1900 AD, og mykje av den forskinga han publiserte, hadde samane si soge som tema, særleg samane på Varangerhalvøya i Finnmark. Eit av bidraga hans var ein modell for korleis den samiske identiteten hadde kome til, utvikla i den vesle boka Finner og terfinner frå 1983. Her var han inspirert av teoriane til den norske antropologen Fredrik Barth.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Simonsen, Povl og Odner, Knut.1963. Varanger-funnene. 3, Fund og udgravninger i Pasvikdalen og ved den østlige fjordstrand. Tromsø museums skrifter 7. Tromsø: Universitetsforlaget.
  • Odner, Knut. 1966. Komsakulturen i Nesseby og Sør-Varanger. Tromsø museums skrifter 12. Tromsø: Universitetsforlaget
  • Odner, Knut.1969. Ullshelleren i Valldalen, Røldal: en studie i økologiske tilpasninger på grunnlag av et forhistorisk, arkeologisk materiale. Årbok for Universitetet i Bergen. Humanistisk serie 1969:1. Bergen
  • Odner, Knut. 1973. Økonomiske strukturer på Vestlandet i eldre jernalder. Bergen. Libris 209973
  • Odner, Knut. 1982 [1979]. Evolusjonistiske modeller belyst ved tidlige statsdannelser og imperier: Leslie White, Shmuel Eisenstadt, Maurice Godelier. Oslo occasional papers in social anthropology, 1.
  • Odner, Knut. 1983. Finner og terfinner: etniske prosesser i det nordlige Fenno-Skandinavia. Oslo occasional papers in social anthropology, Oslo.
  • Odner, Knut. 1989. Arkeologisk forskning om samisk fortid. I Framskritt for fortida i Nord i Povl Simonsens fotefar, sidene 147-169. ISBN 82-7142-009-9
  • Odner, Knut. 1989. The Varanger Saami: habitation and economy 1200-1900 AD. Oslo (doktorgradsavhandling)
  • Odner, Knut. 1992. Ethnicity and traditions in northern Fenno-Scandinavia: «Finns and Terfinns» ten years after. Acta Borealia 1992 (9):2,: sidene 21-36. 0800-3831. ISSN 0800-3831. Libris 9401582
  • Odner, Knut. 1992. The Varanger Saami: habitation and economy AD 1200-1900. Instituttet for sammenlignende kulturforskning. Serie B, Skrifter 86. Oslo: Scandinavian Univ. Press. ISBN 82-00-21285-8
  • Odner, Knut. 2000. Tradition and transmission: Bantu, Indo-European and Circumpolar great traditions. Bergen studies in social anthropology; 54. Bergen: Norse Publications.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Svein Indrelid. 2014. Oppdagelser på Hardangervidda, side 141-145. Kvinnherad: Forlaget Nord 4. ISBN 978-82-7326-108-3