Knut Samset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Knut Samset
Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. april 1879
Voll kommune
Død

1936 (57 år)

Yrke misjonær

Knut Iversen Samset (fødd 1879 i Måndalen i Romsdal, truleg drepen 1936 i Hubei-provinsen i Kina) var ein norsk misjonær for Det norsk-lutherske Kinamissionsforbund rundt Laohekou i Kina.

Samset var utdanna ved misjonsskolen til Misjonsambandet og vart etter eit opphald i England misjonær i Kina i 1902. I 1904 tok han til med arbeidet i Neixiang, men fann snart at dette var upraktisk. Derfor opna han i staden i 1907 misjonsstasjonen Lushan som fekk ei kyrkje med 400 sitjeplassar, guteskole i 1910 (og etter Samsets død ei ny kyrkje i 1938 med 1500 sitteplassar).

Samset var tilsynsmann for misjonen frå 1919 til 1935, og utførte mykje arbeid med den kinesiske songboka til misjonen. Han vart tatt til fange av ein røvarbande i 1936 og døydde etter nokre månader. Ingen veit nøyaktig når eller på kva måte han døydde, og grava hans vart ikkje funnen.