Knut Vartdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Knut Vartdal
Fødd 1. april 1887
Død

10. mars 1959

Knut Vartdal (1. april 188710. mars 1959) var ein norsk fiskar, fiskebåtreiar, organisasjonsmann og ordførar. Han var fødd på Søre-Vartdal i ØrstaSunnmøre.

Knut Vartdal tok til som fiskar som 16-åring. 24 år gamal var han skipper under sildefiske og selfangst.

I 1922 grunnla han Vartdal Fiskeriselskap A/S. Saman med fem brør, som var skipperar på båtane, bygde han dette selskapet opp til å verte eit av dei største fiskerireiarlaga i landet. Knut Vartdal var første formann i representantskapet i Storsildlaget. I mange år var han formann i styret for Noregs Sildesalslag. Saman med Georg Garshol og Hans O. Vindenes stor han bak skiping av Fiskebåtredernes Forbund, organisasjonen til den havgåande fiskeflåten.

Knut Vartdal var ordførar i Vartdal kommune 1937-1942. Då vart han avsett under krigsstyresmakta. Han fungerte på nytt frå krigsslutt til nytt val vart halde.

Han vart utnemnd til Riddar av 1. klasse av St.Olavs Orden.

Knut Vartdal omkom i bilulukke i 1959. Ved heimen hans på Vartdal har Fiskebåtredernes Forbund reist ein bauta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Harald Kjølås: Bulldosaren i norsk fiskeri i 100 år 100 navn Personer som har preget hundreåret på nordvestlandet Sunnmørsposten Forlag 2000

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]