Kokstapakulo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kokstapakulo
Kokstapakulo
Kokstapakulo
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Kokstapakulo
Utbreiinga av Kokstapakulo
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Tapakuloar Rhinocryptidae
Slekt: Scytalopus
Art: Kokstapakulo S. fuscus
Vitskapleg namn
Scytalopus fuscus

Kokstapakulo (Scytalopus fuscus) er ein liten medlem av tapakulofamilien Rhinocryptidae. Han er mørk og sjeldan sett. Arten er endemisk for Chile.

Taksonomi og systematikk[endre | endre wikiteksten]

Kokstapakulo vart tidlegare vurdert som ein underart av magellantapakulo (Scytalopus magellanicus). Frå 1994 fekk han artsstatus på grunn av vokale forskjellar og fordi dei to er sympatiske (har overlappande utbreiing) gjennom delar av utbreiingsområdet. Kokstapakulo er monotypisk, har ingen underartar.[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Kokstapakulo er ca. 11 cm lang. Han er i hovudsak mørk grå over det heile, mørkare over og lysare under. Korsryggen og bakdelen har ein brun tone, og flankane er nokre gonger bleik taubrune med svarte tverrstriper.

Kokstapakulo finst berre i det sentrale Chile. Utbreiinga spenner frå den sørlege Atacama-regionen sørover til Biobío-regionen i høgder frå havnivå opp til 4000 moh. i nord, men mest vanleg mellom 0 og 200 moh. frå nord mot sør. Han lever i dalbotnar med tett vegetasjon. Føretrekte habitat er buskkratt nær tilgang på vatn og i utkantar av sklerofyllskogar. Dei kan treffast ved bekkefar i kystbyar.[1]

Dietten er lite kjent, men er trudd å vere leddyr som insekt, edderkoppar og mangefotingar. Dei grev og sparkar for å søke føde blant nedfallslauv og plukkar frå blad og greiner i lågvekst vegetasjon.[1]

Det finst lite publisert materiale om hekkebiologien. Eitt reir er skildra laga av rotfibre og mose, fora med hestehår, plassert i enden av ein 0,6 m lang tunnel.[1]

Songen er ei repeterande, kort stigande trille.

Status[endre | endre wikiteksten]

Kvitstrupetapakuloen er kategorisert som livskraftig av IUCN. Arten er skildra som nokså vanleg og med stabil populasjon.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Pantoja, V., C. Muñoz, og P. F. D. Boesman (2022). Dusky Tapaculo (Scytalopus fuscus), versjon 2.0. I Birds of the World (T. S. Schulenberg og B. K. Keeney, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA
  2. BirdLife International (2023) Species factsheet: Scytalopus fuscus. Henta 4. mars 2023

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Kokstapakulo