Olenegorsk i Murmansk oblast
| Olenegorsk | |||
| Оленегорск | |||
| by | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Føderasjonssubjekt | Murmansk oblast | ||
| Høgd | 151 m | ||
| Areal | 1 870 km² | ||
| Folketal | 19 533 (2022) | ||
| Grunnlagd | 1947 | ||
| • Bystatus | 1957 | ||
| Postnummer | 184530 | ||
| Retningsnummer | +7 81552 | ||
![]() Olenegorsk 68°09′00″N 33°17′00″E / 68.15°N 33.283333333333°E | |||
| Wikimedia Commons: Olenegorsk | |||
Olenegorsk (russisk Оленего́рск, tyder 'Hjortefjellet') er ein by i Murmansk oblast i Russland med om lag 20 000 innbyggjarar. Han ligg 112 km sør for Murmansk.
Jernbane
[endre | endre wikiteksten]Jernbanestasjonen Olenja (Оленья; ordet er ei adjektiv form av 'hjort') vart opna i 1916 då jernbane vart lagt til Murmansk. Bygningar knytt til stasjonen og den vesle busetnaden som låg her, låg aust for jernbanen. Staden vart noko viktigare i 1930-åra då han vart eit knutepunkt for jernbanelinja som gjekk til den byen Montsjegorsk.
Gruve
[endre | endre wikiteksten]I 1949 starta arbeidet på ei jerngruve og ein fabrikk for å handsame malmen eit par kilometer vest for Olenja stasjon. Samstundes vart det grunnlagd ein busetnad for arbeidarane i gruva. Den 27. mars 1957 fekk han bystatus og namnet Olenegorsk.
Jernbanestasjonen vart framleis kalla Olenja i mange år før han til slutt fekk namnet Olenegorsk i 1980-åra.
Hovudnæringa i byen er framleis basert på gruvedrifta og det meste vert i dag frakta til Severstal i Tsjerepovets.
Olenja flybase ligg ved Vysoky, eit par kilometer aust for byen, på den andre sida av innsjøen Permusozero.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Olenegorsk, Murmansk Oblast» frå Wikipedia på engelsk, den 1. februar 2009.
