Kolonihage

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Solvang kolonihagar på Sogn i Oslo.

Kolonihage eller parsellhage er ei samling teigar, kalla parsellar, på kommunal eller privat grunn i eller i nærleiken av byar, og som skal nyttast av bybuarar i bustadblokker som hagar til å dyrke frukt og grønsaker i, og til rekreasjon. I Noreg er nemninga kolonihage oftast knytt til slike samlingar av teigar der det er lov til å setje opp ei lita hytte på kvar teig, medan ein parsellhage ikkje skal ha bygningar på teigane.

I kolonihagene har eigarar eller brukarar av teigane sams ansvar for felllesområda og fellesbygningane, men eineansvar for sin eigen teig i samsvar med dei føresegnene som gjeld for heile området.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]