Kongsbonde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kirkjubøargarður til venstre.
Foto: Erik Christensen

Kongsbonde er ei nemning på Færøyane på ein som leiger og driv statsått jord, sokalla kongsjord.(på færøysk kongsjørð [kɔŋsːjøɹ]).[1][2][3] Tidlegare var ein kongsbonde ein som dreiv jorda for kongen.

Stort sett er kongsjord den jorda som tilhøydre den katolske kyrkja fram til reformasjonen i 1538, og som deretter tlhøyrde kongen. Dette omfattar meir enn halvparten av arealet på Færøyane. I dag tilhøyrer kongsjorden det færøyske landsstyret som statseigedom.

Kongsjord må sjåast på som ein motsetnad til privateigd odelsjord. Medan odelsjorda normalt blei delt mellom alle arvingar og derfor blei desimert til ho blei uutnyttbar, blei kongsjord verande udelt. Arvingane til kongsbondane har gjennom tradisjon utstrekt rett til å arva leigekontrakten, og kongsbondeslektene har derfor ofte dei beste forholda for drivverdige einingar og ein arverett som i nokon grad tilsvarer privat eigedom.

Den største kongsgarden på øyane er Kirkjubøargarður i Kirkjubøur. Den noverande kongsbonden Patursson, som er ein etterkomar etter forfattaren og politikaren Jóannes Patursson, er 18. generasjon på garden. Ein annan kjend kongsgard ligg på øya Koltur, også driven av ein Patursson.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kongsbonde» i Store norske leksikon, snl.no.
  2. Kongsbonde; denstoredanske.dk
  3. «Kongsbonde» i Det Norske Akademis ordbok