Konkret poesi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Døme på konkret poesi: Eit av Guillaume Apollinaire sine Calligrammes
«Easter Wings» (1633) av George Herbert.

Konkret poesi (av latin concretum, ‘det samanvaksne’, ‘det sansbare’) eller konkretisme er ei retning innan lyrikken der det typografiske arrangementet er like viktig for heilskapsopplevinga av diktet som dei lydlege effektane og tydingsinnhaldet i orda.

Termen vart lansert på 1950-talet. I Brasil danna det seg ei gruppe av poetar som i 1958 publiserte eit manifest for ein konkret poesi, med Augusto de Campos som ein av forgrunnsfigurane. Hovudbodskapen i manifestet er å gjera orda til ein del av eit visuelt verk, og dermed gje dei eit eigenliv som frigjer dei frå det å berre vera meiningsberarar.

Sjølv om termen er ny, er ideen om å bruka typografi for å gje eit dikt eit ekstra tilskot av meining gammal. Mest kjent er den franske poeten Guillaume Apollinaire si Calligrammes frå tidleg på 1900-talet, som fekk følgja av fleire andre dadaistar. Seinare har diktarar som E.E. Cummings og Ezra Pound eksperimentert med typografien. Velkjent er òg musa si forteljing («tale») i Alice i eventyrland, som er forma som ein hale («tail»).

Ei anna form for konkretisme er den som legg avgjerande veikt på den auditive (lydlege) sida til eit dikt. Dette er dikt som primært må høyrast. Ein pioner innanfor denne forma for poesi var den tyske dadaisten Kurt Schwitters, som framførte nonsensdikta sine med ekstrem stemmebruk, og som også eksperimenterte med nye opptaksteknikkar.

Jan Erik Vold er den som fyrst og fremst har innført konkret poesi i norsk litteratur. Debutsamlinga hans mellom speil og speil inneheld mange døme på figurdikt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]