Norsk litteratur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Døme på den eldste norske litteraturen: Runestein ved Granavollen i Gran.
Foto: John Erling Blad

Norsk litteratur kan visa til litteratur og forteljekunstnorsk og frå område som har høyrt til Noreg. Til litteraturen reknar ein eddadikt frå førkristen tid på 800- og 900-talet, skaldekvad frå både førkristen og kristen tid, norrøne sagaer frå Island, mellomalderdikting med stoff og påverknad frå Europa elles, verk skrivne av nordmenn i Danmark under dansketida, og den nasjonale litteraturen som utvikla seg saman med norsk skriftspråk på 1800-talet og seinare. Samstundes blei det også skapt utvandrarlitteratur, særleg blant norskamerikanarar i USA.

I tida etter at Noreg vann sjølvstende i 1814 markerte diktaren Henrik Wergeland seg som ein nasjonal forfattar med stor innverknad, medan dramatikaren Henrik Ibsen sette spor i den europeiske litteraturen og verdslitteraturen. Etter unionsoppløysinga i 1905 heldt den litterære voksteren fram, og landet fekk mellom anna to nobelprisvinnande forfattarar i Knut Hamsun og Sigrid Undset.

Runeinnskrifter[endre | endre wikiteksten]

Dei eldste nedskrivne tekstane frå Noreg er innskrifter på runesteinar med teikn frå det eldre runealfabetet. Det er bevart runeinnskrifter frå midt på 100-talet. Kjende runesteinar er Tunesteinen frå Østfold laget i perioden 200–450, og Eggjasteinen frå Sogn frå om lag 600. Desse innskriftene hadde hovudsakleg ein minnefunksjon eller ein magisk-religiøs funksjon. Litteraturen var for det meste munnleg, og blei først nedskriven mykje seinare.[1]

Norrøn litteratur (800-1350)[endre | endre wikiteksten]

Ei side frå Bergs bók, eit islandsk manuskript som inneheld Den større soga om Olav Tryggvason og ein lengre versjon av Soga om Heilag-Olav.

I norrøn tid hadde dikt og diktarar høg status. Norrøn versedikting blir delt inn i to hovudgrupper: Eddadikt, som ikkje har kjend forfattar, og skaldedikt, forfatta av namngjevne skaldar. Dikta blei overleverte munnleg fram til dei blei nedskrivne på Island på 1200- og 1300-talet.[1]

Rytmen i versa (versemålet) har opphav i det norrøne språket. Han byggjer på ei veksling mellom tunge og lette stavingar og regelbunden allitterasjon (stavrim). Eddadikta har to versemål: fornyrdislag og ljodahått. I skaldedikt var det viktigaste versemålet drottkvætt. Dette var truleg utvikla frå fornyrdislag. Dette er eit mer komplisert og intellektuelt krevjande versemål enn dei ein finn i eddadikta.[1]

Av den norrøne versediktinga blei dei første heltedikta truleg til i eit norsk miljø. Delar av Håvamål og fleire av dei eldste skaldedikta kan også ha blitt skrivne i Norge, men etterkvart blei islandske skaldar stadig meir viktige.[1]

Skalden var knytt til hirden til ein konge eller hovding, og hadde som oppgåve å kasta glans over oppdragsgjevaren sin. Det typiske skaldediktet er difor eit lovkvad, men det finst også ei rekkje «kvardagsvers», gjerne einstrofingar, som blir kalla «lausviser».[1]

Den munnlege litteraturen omfattar også prosaforteljingar, som truleg har gått gjennom større endringar enn versediktinga. Ein rekner med at delar av sogelitteraturen som blei skriven ned frå slutten av 1100-talet bygga på denne munnlege diktinga. Sogediktinga blir delt inn i tre hovudgrupper: Kongesoger, ættesoger eller islendingesoger og fornaldar- og riddersoger.[1]

Det latinske alfabetet blei innfør til Noreg i lag med kristendommen. Det blei opphavleg brukt til å skriva latin, men rundt slutten av 1000-talet byrja ein også å bruka det til å skriva norrøne tekstar. Seint på 1100-talet blei truleg den første norrøne oversiktssoga om dei norske kongar, Ágrip, skriven, kanskje av ein nordmann. Den seinare Sverresoga blei skriven av ein islending i samarbeid med kongen sjølv.

Det norske hoffet blei ein viktig årestad for norrøn litteratur. Riddersoger og dei såkalla Eufemiavisene blei innført frå sør i Europa og omsett. Frå Håkon Håkonsson si tid tid kjem Kongsspegelen, eit pedagogisk verk forma som ein samtale mellom ein konge og sonen hans. Verket er skrive i intrikat og rytmisk prosa. Elles blei det skrive verdslege og kyrkjelege lovtekstar, med lovene til Magnus Lagabøte som høgdepunkt.[1]

Seinmellomalder (1350-1500)[endre | endre wikiteksten]

På 1300-talet døydde det meste av den skriftlege litterære produksjonen ut i Noreg. Bruken av skriftspråket gjekk tilbake, men munnleg dikting fekk ein viktigare plass att. Perioden var prega av gjenbruk av litteratur som allereie fanst i bokform. Fiksjon og reine eventyrsoger blei ein dominerande sjanger, men også dette helst på Island. Det skriftlege materialet som er bevart frå Noreg er stort sett berre jordebøker, liturgiske bøker og diplom (opphavleg skrivne på latin, frå 1100-talet også på norsk). Dei to første bøkene trykt (i utlandet) til bruk i Noreg var Missale Nidrosiense og Breviarium Nidrosiense, som blei gjenve ut av erkebiskop Erik Valkendorf i 1519.[1]

Folkedikting[endre | endre wikiteksten]

Bokside av Draumkvæde frå 1904, illustrert av Gerhard Munthe.

Den munnlege folkediktinga som fanst i Noreg frå mellomalderen til moderne tid kjenner ein først og fremst takka vera den omfattande innsamlinga og nedskrivinga som fann stad etter europeiske førebilde på 1800-talet. Det finst likevel også spreidde døme på motiv og historier frå den munnlege tradisjonen i den norrøne sogadiktingA og i spreidde skriftlege kjelder frå perioden 1200–1800.[1]

Folkediktinga har mange former og sjangerar, og ein finn stort sett dei same i Noreg som i andre land. Dette kjem av at den norske folkediktinga hadde europeiske førebilde og i stor grad blei importert frå Europa for seinare å bli omforma etter norske forhold. Dei viktigste sjangerane er folkeviser, eventyr, segner, ordspråk og rim og regler. Ein særnorsk sjanger er stevet, som ein deler inn i gammalstev og nystev etter tidsopphavet.[1]

Stev kan ta opp ei rekkje ulike emne, som gode råd om skikk og bruk eller om livet, eller dei kan vera reine drikkeviser (ølstev). Dei lengre folkevisene er forteljande. Innhaldet er typisk henta frå føydale miljø sørover i Europa (ridderviser), og handlar ofte om ulukkeleg kjærleik (som «Bendik og Årolilja»). Troll- og kjempeviser kan vera meir særnorske og kan handla om bergtaking og utfriing, som «Liti Kjersti». Den best kjende og ofte best omtykte norske folkevisa er derimot ei religiøs vise, Draumkvedet, som slektar på anna populær visjonsdikting frå mellomalderen.[1]

Eventyret er eldre enn folkevisene, og finst med like eller næsrkylde motiv i fjerntliggande kulturar. Eventyra blir likevel rekna som typisk norske fordi språket og forteljarmåten har sterke norske røter, og fordi dei er tilpassa norske tilhøve. Mange av dei norske segnene kan også ha internasjonale røter, men dei fleste handlar om heimlege og lokale tilhøve. I Noreg finst det til dømes mange segner om Olav den heilage og om hendingar under Svartedauden.[1]

Som norskspråkleg litteratur har også samisk litteratur ein gammal munnleg tradisjon med segner, eventyr og joik.[1]

Reformasjon og humanisme (1500-talet)[endre | endre wikiteksten]

På 1500-talet døydde det gamle norske språket ut som skriftspråk. Heretter og i fleire hundre år framover skreiv nordmenn på dansk. Deira litteratur i dette hundreåret var prega av humanismen. Med forfattarar som Absalon Pederssøn Beyer (Om Norgis Rige) og Peder Claussøn Friis (Diur, Fiske, Fugle og Træer udi Norrig) i spissen blei grunnlaget lagt for den historisk-topografiske litteraturen i Noreg. Absalon etterlét seg også ei dagbok som gjev eineståande bilde av norsk byliv på 1500-talet, og Peder omsette Heimskringla og andre kongesoger. Frå 1500-talet stammar også Hamarkrøniken og den danskfødde E.H. Schønnebøls Lofodens og Vesteraalens Beskrivelse.[1]

Barokk (1600-talet)[endre | endre wikiteksten]

Førstesida til Taare-Offer av Dorothe Engelbretsdotter.

Også på 1600-talet dominerte historiske og topografiske tekstar skriftlivet i Noreg, saman med salmar, andaktsbøker, preikesamlingar og leilegheitsdikting på vers. Mot slutten av hundreåret stod to viktige norske diktarar fram. Dorothe Engelbretsdotter i Bergen skreiv salmar i barokkstil, og vann eit stort ry. Hennar Sjælens Sangoffer (1678) kom i heile 24 opplag. Nordlandspresten Petter Dass kombinerte salmedikting og topografisk dikting. I hans «katekismussanger», i viser og leilegheitsvers og i meisterverket Nordlands trompet (trykt posthumt 1739) blir kristendom sameint med kjennskap til og skildringar av geografi og levevilkår på Helgelandskysten.[1]

På 1600-talet kom dei første skriftlege tekstane på samisk, først stort sett som abc-bøker og religiøs litteratur.[1]

Opplysingstid og klassisisme (1700-talet)[endre | endre wikiteksten]

På 1700-talet fekk tankar frå opplysingstida stor innverknad i dansk-norsk åndsliv. Ein leiande skikkelse i både norsk og dansk litteratur er bergensaren Ludvig Holberg som drog til København som student og busette seg der for godt. Forfattarskapen hans omfatter satiriske dikt, historie, filosofi, epistlar, essay og ein fantastisk reiseroman. Særleg lukke har komediane hans gjort. Han henta inspirasjon både frå antikken og frå samtidige franske og engelske forfattarar som Molière og Jonathan Swift.[1]

Klassisistisk tradisjon og førromantiske tendensar prega felleslitteraturen i siste halvdel av 1700-talet, blant andre også dei to dansk-norske lyrikarane Peter Chr. Stenerson (Critiske Tanker over de riimfrie Vers) og Christian Braunmann Tullin («Maidagen»), som begge debuterte rundt 1760. Mot slutten av 1700-talet fekk kunstdiktinga dialektale innslag med blant anna Edvard Storm sine døleviser.[1]

I norsk samanheng har ein krins norske studentar i København fått stor merksemd etter at dei stifta Det norske Selskab i 1772. Dei forsvarte den fransk-klassiske linja mot dei nye romantiske strømningane, og gav uttrykk for ei spirande patriotisk nasjonalkjensle, ikkje minst uttrykt i Johan Nordahl Brun sin skålsong «For Norge, Kiempers Fødeland». Til krinsen høyrde også brørne Claus og Peter Frimann, Thomas Stockfleth, Claus Fasting og Jens Zetlitz. Samla dekka dei eit relativt breidt spekter av litterære former – frå drikkeviser og folkelivsbilde til from salmedikting og høgstemte tragediar – til dels med nasjonalhistoriske motiv. Ein nordmann i selskapet stikk seg ut: Den sorgmuntre epigramdiktaren Johan Herman Wessel, som særleg gjorde seg merk med tragedieparodien Kierlighed uden Strømper (1772).[1]

Romantikk (1800-1850)[endre | endre wikiteksten]

Romantikken var ei ny byrjing i europeisk kultur, med ei ny vektlegging av det unike og ekte, av kjensler, fantasi, natur og historie. Likevel var det vesle som blei skrive i Noreg i åra etter 1814 mest prega av klassisistiske førebilde. Maurits Hansen peika seg ut med riddareventyr, realistiske folkelivsskildringar og den første norske kriminalromanen.[1]

Rundt 1830 kom det romantiske gjennombrotet i Noreg med Henrik Wergeland. Hans dikting sameiner romantikk og opplysingstid, politisk liberalisme og kosmisk-religiøs universalisme. Han verka seg i ei rekkje sjangerar, men særmerkte seg innan lyrikken. Den fremste motstandaren hans, Johan Sebastian Welhaven, reagerte kraftig både mot Wergeland sitt brot mot etablerte estetiske normer og mot den sterke norske patriotismen hans. Han la vekt på klarheit og harmoni i poetikken sin, og ville halda dagleg politisk kamp unna.[1]

I 1840-åra knytta Welhaven til seg den nasjonalromantiske rørsla, der beundring for den gamle norske stordomstida blei sameint med bondedyrking og begeistring for norsk natur og folkeliv. Asbjørnsen og Moe sin eventyrsamlingar, M.B. Landstad sine folkevisesamlingar, P.A. Munch sine historieverk, Lindeman si innsamling av folkemelodiar og Ivar Aasen sine studiar av bygdedialektar er dei klaraste uttrykka for denne vendingean mot folkelege kulturformer som blei oppfatta som spesifikt norske. I litteraturen viste dette seg også i dikt av Welhaven, Andreas Munch og Jørgen Moe, og i P. Chr. Asbjørnsen sine natur- og folkelivsskildringar.[1]

Frå romantikk til realisme (1850-1875)[endre | endre wikiteksten]

Rundt 1850 stod ein ny forfattargenerasjon fram, med Henrik Ibsen og Bjørnstjerne Bjørnson i spissen. Denne generasjonen kom til å dominera norsk andsliv i bortimot 50 år. Bjørnson såg seg sjølv som ein arvtakar etter Wergeland, og fornya norsk litterær prosa med bondeforteljingar som Synnøve Solbakken (1857).[1]

På denne tida gjorde fleire kvinner inntog i den litterære verda, med Camilla Collett som ein viktig pioner. Romanen hennar Amtmandens Døttre (1854/55) er rekna som det første norske dømet på problemdebatterande, realistisk tendensdikting. Mange av dei nye kvinnelege forfattarane dyrka prosa framfor poesi, som saman med dramatikken var i ferd med å overta som dominerande sjanger. Mellom 1850 og 1870 debuterte i alt 13 kvinnelege forfattara, mellom dei Magdalene Thoresen, som også var svigermora til Ibsen.[1]

Ein annan nyskapar var A.O. Vinje, den første viktige diktaren som skreiv på det nye landsmålet. Vinje skreiv både journalistisk prosa og lyrikk, med detaljerte observasjonar, politiske kommentarar, ironisk vidd og poetisk kjenslevarheit.[1]

Realisme og naturalisme (1875-1890)[endre | endre wikiteksten]

Teppet gaar op. Teikning av Theodor Kittelsen frå 1884.

Henrik Ibsen debuterte som dramatikar med Catilina i 1850. Seinare skreiv han meir symbolske versedrama som Brand (1866) og Peer Gynt (1867), som kvar på sitt vis er oppgjer med overdriven nasjonalromantikk. Kejser og Galilæer (1873) handlar om den heroiske kampen for kristendommen til å overleve på 300-talet, men kan også sjåast som eit forsvar for heidenske verdiar frå antikken eller som eit håp om at det skal oppstå eit «tredje rike» som skal fornye og samla dei beste sidene til begge kulturane.[1] Etter dette skreiv Ibsen berre samtidsdrama, med verk som Et Dukkehjem (1879) og Vildanden (1884).

På denne tida skreiv både Ibsen og Bjørnson verk som sette aktuelle problem under debatt, som Georg Brandes omtalte det i 1871. Seinare kalla Brandes tendensen for «det moderne gjennombrudd». 1880-åra blei også ei stordomstid for den realistiske samtidsromanen. Jonas Lie gav ut hovudverket sitt Familien paa Gilje (1883). Familien er også hovudarena for handlinga i Alexander Kielland sine store sosiale tendensromanar (Garman & Worse, 1880; Skipper Worse, 1882). Ein finn markant samfunnskritikk i romanar av landsmålforfattaren Arne Garborg (Bondestudentar, 1883; Mannfolk, 1886).[1]

Mot slutten av hundreåret fekk naturalistiske tendensar større gjennomslag. Naturalismen byggjer på eit positivistisk vitskapsideal og formidlar eit deterministisk menneskesyn som legg avgjerande vekt på arv og miljø. Eit tidlig eksempel på ein reindyrka naturalistisk roman er Livsslaven (1882) av Lie, og fleire av 1880-årsromanane til Garborg kan like gjerne kallast naturalistiske som realistiske. Hans Jæger frå Kristianiabohemen følgde bodet frå denne krinsen om at «du skal skrive ditt liv». Amalie Skram la fram den breiaste og mest «objektive» sosiale skildringa i firebandsverket Hellemyrsfolket (1887–98), eit hovudverk i skandinavisk naturalisme. Skram sine ekteskapsromanar med sjølvbiografisk bakgrunn (Constance Ring, 1885; Forraadt, 1892) høyrer også til dei mest nådelause skildringane av moderne sosialt liv frå denne tida.[1]

Nyromantikk, heimstaddikting og realisme (1890-1905)[endre | endre wikiteksten]

Gyldendal-plakat med forfattarar frå tidleg på 1900-talet.

Rundt 1890 skjedde eit markert stemningsskifte i litteraturen.[1] Mange var gått leie av den kvasse moral- og samfunnsdebatten som prega tiåret før. Dei vende seg bort frå samfunnet og retta interessa mot natur, folketru og individuell psykologi. Litteraturen var no prega av sjel, fantasi, stemning, mystikk, kjærleik, angst og død. Dei nye tendensane har blitt kalla nyromantikk og blitt tolka som ei oppattliving og ein variasjon av romantikken som prega første halvdel av 1800-talet.

Som under den førre romantikken fekk lyrikken ei oppblomstring. Ein av fornyarane her var Nils Collett Vogt (1864-1937). Verkeleg gjennomslag fekk lyrikken med Vilhelm Krag (1871-1933). Diktet «Fandango» frå 1890 har blitt kalla «nyromantikkens programdikt».

Den lyrikaren som har sett størst spor etter seg i ettertida er likevel stavangermannen Sigbjørn Obstfelder (1866-1900). Han blir i dag rekna som ein av dei fremste pionerane innan nordisk modernisme. I det vidgjetne diktet «Jeg ser» skildrar han ein undrande eg-person som kjenner seg framand i den verda han er fødd inn i. Obstfelder forkastar tradisjonelle diktformer og lèt dikta følgja sin eigen ujamne rytme, prega av bråe utrop og overraskande sprang. Han skil seg elles ut frå nyromantikarane ved at symbolet ikkje står så sterkt i dikta hans.

I prosadiktinga var Knut Hamsun (1859-1952) den store fornyaren. Med 90-talsromanane sine sette han eit skilje både i norsk og europeisk litteratur. I essayet Fra det ubevisste sjeleliv (1890) set han fram eit nytt program for litteraturen. Diktarane skal skriva om fantasilivet, «disse tankens og følelsens vandringer i det blå, skrittløse, sporløse reiser med hjernen og hjertet, selsomme nervevirksomheter, blodets hvisken, benpipenes bønn, hele det ubevisste sjeleliv». I gjennombrotsromanen Sult (1890) set Hamsun dette programmet ut i livet. Her skildrar han ein ung, fattig forfattar som går rundt og svelt i Kristiania. Men her er ikkje spor av samfunnskritikk, interessa samlar seg om hovudpersonen sine merkelege påfunn og fortvila kamp for å klara seg. Av 90-talsromanane hans blir særleg Sult, Mysterier (1892) og Pan (1894) rekna som epokegjerande modernistiske verk.

Hans E.Kinck (1865-1926) markerte seg som ein av Noregs fremste novellistar, mellom anna med samlinga Flaggermusvinger. Eventyr vestfra (1895). Han tok utgangspunkt i eit realistisk og lokalprega stoff, men hos personane hans flyt merkelege hendingar og handlingar saman med lengt, draum og angst.

Også mange av dei gamle realistane blei prega av dei nye tendensane. Arne Garborg gav i 1895 ut diktsamlinga Haugtussa, der han vov dei sterke forteljingane om Veslemøy saman med natur og folketru på Jæren, heimstaden sin. Jonas Lie gav ut to samlingar med eventyrnoveller, Trold I og Trold II, og Henrik Ibsen skreiv sine psykologiske og symbolske drama.

Ein del forfattar heldt likevel fram med å skriva realistisk og naturalistisk. Vossingen Per Sivle gav i 1894 ut Streik, Noregs første arbeidarroman.

Ein ny og populær sjanger med eit realistisk preg var heimstaddiktinga. Sentrale namn her er Jens Tvedt (1857-1935), Hans Aanrud (1863-1953) og Tryggve Andersen (1866-1920). I dette tidsrommet blei det også skrive mykje ny barnelitteratur.[1]

Nyrealisme og klassekamp (1905-1925)[endre | endre wikiteksten]

Forfattaren og læraren Regine Normann fortel eventyr.

Nyrealisme viser til ei tilbakevending til realismen som fann stad kort tid etter hundreårsskiftet. Denne «nye» realismen tok opp i seg element frå 1890-årsdiktinga. I ei rekkje breie samfunnsromanar med brodd mot den nye tida og med opphøging av det gamle bondesamfunnet (Segelfos by, 1915 og Markens Grøde, 1917) skipa Hamsun ei tematisk hovudlinje innan nyrealismen: skildringa av konfliktane mellom verdiane til ein gammel bondekultur og eit mer moderne, kapitalistisk industrisamfunn.[1]

Dei mange endringane på 1900-talet opna for forfattarar frå ein breiare bakgrunn som skildra fleire samfunnsgrupper og område, og ein større bokmarknad. Til dømes kom den første moderne samiske litteraturen ut, med Bæivve-Alggo (moderne nordsamisk Beaivi-álgu, tyder 'Daggry', 1912) av Anders Larsen som den første samiske romanen. Ein kan tala om ei ny litterær kartlegging av landet gjennom forfattarar som Matti Aikio (Finnmark), Regine Normann og Andreas Haukland (Nordland), Duun, Uppdal, Falkberget, Peter Egge og Johan Bojer (Trøndelag), Sven Moren (Trysil), Gabriel Scott (Sørlandet), Sigrid Undset og Oskar Braaten (Kristiania).[1]

Olav Duun kombinerte psykologisk analyse og folkelivsskildring i ei rekkje romanar med motiv frå Namdalen før han gav ut det store historiske seksbandverket Juvikfolket (1918–23). Sigrid Undset skildra moderne kvinneskjebnar før ho vender seg mot mellomalderen i sitt store hovudverk, romantrilogien Kristin Lavransdatter (1920–22). I sin tibandserie Dansen gjennom skuggeheimen (1911–24) skildra Kristofer Uppdal framveksten av arbeiderklassen. Saman med Johan Falkberget, som etter kvart også gav ut store historiske romanverk i fleire band, høyrer Uppdal til ein av dei fremste arbeidarlitteraturforfattarane i Noreg. Den største arbeidarlyrikaren var Rudolf Nilsen.[1]

Norsk lyrikk tidleg på 1900-talet dyrka stemningar og livshaldningar som kan minne om den frå 1890-åra, men vende seg i hovudsak bort frå formelle eksperiment, som den europeiske ekspresjonismen. Frå den nye generasjonen kan nemnast bokmålsforfattarane Herman Wildenvey, Arnulf Øverland og Olaf Bull. Seinare debuterte nynorsklyrikarane Olav Aukrust, Olav Nygard og Tore Ørjasæter og bokmålsforfattarane Alf Larsen og Gunnar Reiss-Andersen.[1]

Elles stod underhaldningslitteraturen for mykje av den store auka i det norske boksalet. Dei mest lesne forfattarane var til døms Rudolf Muus og Jon Flatabø og krimforfattarar som Sven Elvestad og Øvre Richter Frich.[1]

Kulturkamp og psykologisk realisme (1925-1940)[endre | endre wikiteksten]

Lyrikken i mellomkrigstida kunne vera sosialistisk engasjert, som hjå Øverland, sterkt personleg som hjå Halldis Moren Vesaas eller naturmytisk som hjå Aslaug Vaa. Rolf Jacobsen stod for ei viktig fornying gjennom å introdusere byen og ny teknikken som hovudmotiv.[1]

Viktige dramatikarar i denne perioden var Helge Krog, som vidareførte Ibsen-tradisjonen i Underveis (1931) og Opbrud (1936), og Nordahl Grieg, som tok i bruk nye montasjeteknikkar i tendensdramå Vår ære og vår makt (1935) og Nederlaget (1937).[1]

Påverknad frå psykologane Sigmund Freud, Alfred Adler og Wilhelm Reich gjorde den psykologiske romanen til ein sentral sjanger på 1930-talet. Moderne fransk, engelsk og amerikansk litteratur med romantekniske eksperiment frå Den gule serie, redigert av Sigurd Hoel, fekk også stor innverknad på hans og andre samtidige norske forfattarar. Eit av dei mest radikale eksperimenta stod Aksel Sandemose for med En flyktning krysser sitt spor (1933). Hamsun fornyet seg også, med seine hovudverk som Landstrykere (1927) og Ringen sluttet (1936). Meir tradisjonell forteljarkunst av kulturradikal gehalt stod Cora Sandel for med sine noveller og i Alberte-trilogien (1926–39). Sigurd Christiansen tok opp etiske problemstillingar, medan Ronald Fangen stod for ein kristen og kulturkonservativ motpol til kulturradikalismen.[1]

Okkupasjonstid (1940-45)[endre | endre wikiteksten]

Frå ei utstilling om norsk kultur i Stockholm i 1943.

Litteraturen under andre verdskrigen var prega av nazistisk sensur og sjølvsensur. Det blei trykt kampdikt i illegale aviser og som stensiltrykk, som «Aust-Vågøy» av Inger Hagerup. Forfattarar i eksil gav ut ein del verk i utlandet. Den fremste boka av denne typen er Det gångna är en dröm (1944; norsk utgåve i 1946) av Aksel Sandemose.[1]

Etterkrigslitteratur (1945-1965)[endre | endre wikiteksten]

Dei første etterkrigsåra hadde norsk bobkransje store utgjevings- og salstal, etter fleire år så godt som utan. Diktsamlingar av Øverland og Grieg slo alle salsrekordar med krigslyrikk i tradisjonell form. Modernistisk eller seinsymbolistisk lyrikk slo gjennom rundt 1950 med Paal Brekke, Tarjei Vesaas, Gunvor Hofmo og Erling Christie som sentrale skikkelsar. Olav H. Hauge byrja som tradisjonalist, men utvikleat seg etter kvart til ein viktig fornyar.[1]

Innan prosæn tok ein opp att tråden frå før krigen med folkelivsskildringar, historiske og psykologisk-realistiske romanar, men mykje av litteraturen var også prega av krigserfaringane. Forfattarar med Hoel (Møte ved milepelen, 1947) og Sandemose (Varulven, 1958) i spissen presenterte psykologiske analysar av den nazistiske mentaliteten.[1]

Barndom og oppvekst er vanlege motiv, mellom anna hjå Johan Borgen og Torborg Nedreaas. Agnar Mykle vidareførte kulturradikalarane sin antipuritanisme i dobbeltromanen Lasso rundt fru Luna (1954) og Sangen om den røde rubin (1956). Jens Bjørneboe tok hand om den sosiale tendensromanen (Jonas, 1955; Den onde hyrde, 1960).[1]

Tarjei Vesaas eksperimenterte med symbolske, allegoriske og ekspresjonistiske trekk i romanar som Fuglane (1957), Isslottet (1963) og Båten om kvelden (1968).

Modernisme og sosialrealisme (1965-1980)[endre | endre wikiteksten]

1965-1980 var ein periode som var prega av ei fornying av modernismen og etter kvart også ein sosialrealistisk litteratur. Det såkalla Profil-opprøret i 1966 har blitt ståande som eit viktig skiljemerke. Opprøret mot tidlegare lyrikk omfatta mellom anna sterk skepsis til et «overforbruk» av metaforar og symbol, og eit krav om ein meir konkret og kvardagsleg lyrikk. Ein sentral person i denne samanhengen var Jan Erik Vold. Andre eksponentar for dei nye tendensane var Einar Økland, Paal-Helge Haugen og Eldrid Lunden.[1]

Den episke modernismen blei utvikla av mellom anna Dag Solstad (Irr! Grønt, 1969) og Espen Haavardsholm (Munnene, 1968). Ein ny sjanger, punktromanen, blei prøvd ut av mellom anna Paal Helge Haugen (Anne, 1968) og Einar Økland (Amatøralbum, 1969). Forfattarar som Øystein Lønn, Mona Lyngar, Liv Køltzow og Kjell Askildsen bidrog også med viktige prosaeksperiment, dels under påverknad frå den franske nyromanen.[1]

Samtidige forfattarar som Knut Faldbakken og Bjørg Vik nytta ein meir tradisjonell forteljarteknikk, men tok opp nye tema, som kjønnsrolleproblematikk og moderne samlivsproblem. I 1970-åra blei det utvikla ein særskild «kvinnelitteratur» knytt til den nye kvinnerørsla, der ein kan nemna Bjørg Vik, Liv Køltzow, Tove Nilsen, Toril Brekke og Gerd Brantenberg. Mange forfattarar på denne tida var også prega av marxistiske og maoistiske idear, og forfattarar som Dag Solstad (25. septemberplassen, 1974), Espen Haavardsholm (Zink, 1971) og Tor Obrestad (Sauda! Streik!, 1972, Stå på!, 1976) dyrka politisk sosialrealisme.

Kjartan Fløgstad peikte seg ut som ein fornyar av den samfunnskritiske romanen med sosialistisk tendens, påverka av mellom anna latinamerikansk «magisk realisme». Eksperiment med den samfunnskritiske romanen stod også Øystein Lønn og den surrealistiske og bevisst naivistiske satirikaren Arild Nyquist for. Rundt denne tida introdusert Tor Åge Bringsværd og Jon Bing også science fiction, som dei kalla «fabelprosa», til Noreg.[1]

Openheit og mangfald (1980-2000)[endre | endre wikiteksten]

Framsida til teikneserien Amputerte klassikere II av Steffen Kverneland.

I 1980-åra fekk fantastiske innslag større plass i form av surrealistiske draumefantasiar og utnytting av figurer og strukturar i myter, eventyr og science fiction, hjå til dømes Gert Nygårdshaug, Ragnar Hovland, Mari Osmundsen, Lisbet Hiide, Svein Jarvoll og Thure Erik Lund. Metafiksjon og skrifttematisk dikting fekk ei sterk stilling, og fleire forfattarar gjekk i dialog med postmodernismen, som Jan Kjærstad og Jon Fosse.[1]

Norsk kriminallitteratur utvikla seg og fekk eit stort i 1990-åra. Fleire forfattarar bygde omfattande forfattarskap, ofte med serieheltar i sentrum, som Kim Småge, Anne Holt, Karin Fossum, Unni Lindell, Kjersti Scheen, Magnhild Bruheim og Jo Nesbø.[1]

Tradisjonell dramatikk kom i ein trengt posisjon, men dramatikarar som Cecilie Løveid og Jon Fosse vekte merksemd med bruk av nye verkemiddel og teknikkar.[1]

Etter 2000[endre | endre wikiteksten]

Frå 2000 blei det vanleg å skriva litteratur som låg tett opp til faktiske hendingar og med levande modellar i hovud- og biroller. Åsne Seierstad sin sjangeroverskridande Bokhandleren i Kabul var eit tidleg eksempel. Karl Ove Knausgård vekte stor merksemd med seksbandverket Min kamp. Vigdis Hjorth ligg også nær den bekjennande røyndomslitteraturen med sine analysar av den ofte vanskelege balansen mellom eiga lukke og velmeint sammfunnsengasjement hjå radikale og velutdanna menneske.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]