Dadaisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johannes Baargeld: Det menneskelege auge og ein fisk, 1920

Dadaisme var ei kulturell rørsle driven fram av ein del målarar og forfattarar i tida frå straks føre fyrste verdskrigen til særleg 1930-talet. Aktørane, dadaistane uttrykte seg gjennom biletkunst, litteratur, teater og grafisk design, og dessutan gjennom manifest, offentlege markeringar, demonstrasjonar og publikasjonar.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Dadaismen var ein samfunnskritisk reaksjon mot dei etablerte kulturelle og sosiale miljøa i Frankrike, Sveits og Tyskland i tida etter 1910 og under fyrste verdskrigen. Retninga henta idear og førestillingar frå nihilismen og praktiserte eit anti-estetisk kunst- og kultursyn. Viktige tildriv for dadaist-kunstnarane var ein open forakt for det borgarlege samfunnet og den gru som krig(en) vekte. Dadaistane baserte sine gjerningar på planlagt irrasjonell åtferd, anarki og kynisme, og avviste alle reglar for skjønnheit og sosial organisasjon.

I USA etablerte ein krins av dadaistar seg rundt galleriet til fotografen Alfred Stieglitz og i atelieret til ekteparet Louise og Walter Arensberg i New York. Man Ray og tilreisande europearar som Francis Picabia og Marcel Duchamp var sentrale aktørar i det nordamerikanske dadaist-miljøet. Mange av dadaistane samarbeidde med og let seg inspirere av dei nærslekta surrealist-miljøa.

André Breton, Francis Picabia, Marcel Duchamp, Man Ray, Tristan Tzara, Max Ernst, Guillaume Apollinaire og Kurt Schwitters var sentrale namn innanfor dadaismen.

Dadaisme har påverka andre og seinare avantgardistiske og samfunnskritiske rørsler. Her kan ein nemne kunstmiljø som fluxus-rørsla, amerikansk popkunst og situasjonismen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Dadaisme