Konrad Nerheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Konrad Nerheim
Fødd 25. november 1897
Vestnes
Død

17. oktober 1963 (65 år)

Konrad Nerheim (25. november 189717. oktober 1963) var ein norsk skulemann frå Tresfjord i Romsdal.

Nerheim var son til ein plassemann og hestehandlar. Han tok handelsutdanning og arbeidde åra 1919-23 i Vestlandske Mållag. I 1923 slo han seg ned i Bergen, der han starta opp K. Nerheims Handelsskule. Skulen var den fyrste handelsskulen som nytta nynorsk i opplæringa. I 1939 skipa han Norsk kommunal- og tenesteskule. Under 2. verdskrigen måtte han leggje ned skulen, men då krigen var over kom han i gang att i Oslo som offentleg skule under namnet Norges Kommunal- og Sosialskule.

Nerheim vart arrestert i 1941 for illegalt arbeid. Han lest som å vere sinnsjuk og vart sett fri, og rømde då frå Noreg. Etter krigen var han med på å få i gang att drifta av Gula Tidend. Dessutan var han skipar og styreformann i Boktrykk L/L, og aktiv medlem i Norsk Måldyrkingslag.

Nerheim gav ut fleire lærebøker i handelsfaga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]