Konrad Winkler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Konrad Winkler
Fødd 17. februar 1955
Neuhausen
Yrke kombinertløpar

Konrad Winkler (fødd 17. februar 1955) er ein tysk, tidlegare kombinertløpar frå Neuhausen i Erzgebirge og som representerte Aust-Tyskland. Han vart verdsmeister i kombinert i 1978, fekk VM-sølv i 1982 og tok bronsemedaljen i vinterleikane både i 1976 og 1980.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Winkler vart i 1974 europameister i kombinert for juniorar. Året etter vart han nummer ni i øvinga både i Lahti og Holmenkollen. Under vinter-OL i Innsbruck i 1976 fekk han bronsen i kombinert bakom landsmannen Ulrich Wehling og sølvvinnaren Urban Hettich frå Vest-Tyskland. I 1977-sesongen vann han klare sigrar både i Lahti og i Svenska skidspelen i Falun.

Winkler var i 1978 tilbake i Lahti, der han vann gullmedaljen i kombinert under VM 1978. På dei to andre medaljeplassane kom Rauno Miettinen frå Finland og førnemnde Ulrich Wehling, ein rein kopi av sigerspallen under Lahti-spelen året i førevegen. To år seinare, under OL 1980 var rollene omsnudd for dei to austtyskarane; Wehling vann gullet og Winkler fekk bronsen, og mellom seg på resultatlista hadde dei ein finne, denne gongen var det Jouko Karjalainen som tok sølvmedaljen.

I 1981 kom Winkler på andreplass i kombinertrennet i Holmenkollen, slått av Jouko Karjalainen. Eitt år etter var han tilbake i Kollen-anlegga og det vart ein ny andreplass. Han og landsmannen Uwe Dotzauer kjempa jamsides i oppløpet med Tom Sandberg om å vinne VM-tittelen i kombinert under ski-VM 1982. Winkler slo Dotzauer med eit halvt sekund, men måtte nøye seg med sølvmedaljen, to tidels sekund bakom Sandberg.

Winkler la opp etter 1982-sesongen.

Kjelder og bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]