Tom Sandberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om kombinertløparen. For fotografen, sjå Fotograf Tom Sandberg.
Tom Sandberg

Holmenkollen Ski Festival 1978 DEX PR 014100.jpg

Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. august 1955 (67 år)
Mo i Rana
Idrett kombinert
Tok del i

Vinter-OL 1984, Vinter-OL 1976, Vinter-OL 1980, Nordic combined at the 1984 Winter Olympics

Utmerkingar

Aftenpostens Gullmedalje, Holmenkollmedaljen, Olavstatuetten, Nordland fylkes kulturpris

Medaljeoversikt
Tevla for Flag of Norway.svg Noreg
Kombinert menn
OL
Gull 1984 Sarajevo K90/15 km
Verdsmeisterskap
Gull 1982 Oslo K90/15 km
Gull 1984 Rovaniemi K90/3x10 km
Sølv 1982 Oslo K90/3x10 km
Verdscupen samanlagt
Gull 1984

Tom Sandberg (fødd 6. august 1955 i Mo i Rana) er ein norsk, tidlegare kombinertrennar. Han vart verdsmeister i øvinga i 1982, og olympisk meister i same i 1984, vinnar av verdscupen i kombinert i 1984, dessutan verdsmeister i lagtevling i kombinert i 1984. Sandberg vann ni av ti norske meisterskap i kombinert i tiårsperioden 1975-84. Han representerte Mo Skilag.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Sandberg slo gjennom allereie som 18-åring då han vann kombinertrennet i Holmenkollen i 1974, same året fekk han sølv i junior-EM. Året etter vart han europameister for junior i Lieto og tok sitt fyrste av i alt ni senior-noregsmeisterskap i øvinga, med god margin til toaren Pål Schjetne.

I sin OL-debut i 1976 vart Sandberg nummer åtte i Innsbruck og beste nordmann. Same sesongen vart han nummer to i både Lahti og Svenska skidspelen, begge gongane slått av den sterke finnen Rauno Miettinen. Åra 1977-79 heldt han fram med å kome på pallen i dei store nordiske kombinerttevlingane, utan å gå heilt til topps.

Sandberg vart nummer fire under OL i Lake Placid. Under VM i Oslo i 1982 vann han den individuelle tevlinga etter ein spennande sluttspurt, der han kom i mål berre 0,2 sekund framom Konrad Winkler, og 0,9 sekund føre Uwe Dotzauer, begge frå Aust-Tyskland. I lagtevlinga kom Noreg på bronseplass, for laget tevla Hallstein Bøgseth, Espen Andersen og Sandberg.

Sandbergs store jubelår var 1984, då han vart olympisk meister i Sarajevo. Ein månad etter leikane sikra han Noreg VM-gull i lagtevlinga i kombinert i Rovaniemi, saman med Geir Andersen og Hallstein Bøgseth. Den same sesongen sigra Sandberg i verdscupen, fyrste sesongen verdscupen i kombinert vart arrangert.

Sandberg vart tildelt 'Nordland fylkes kulturpris' og Morgenbladets Gullmedalje i 1984. Tidlegare hadde han fått Olavstatuetten i 1982 og Holmenkollmedaljen i 1983.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1974: Vinnar i Holmenkollen
  • 1975: Nr 12 i Holmenkollen
  • 1976: Nr 2 i Falun og i Lahti, nr 3 i Holmenkollen. Nr 8 i vinter-OL i Innsbruck
  • 1977: Nr 3 i Falun
  • 1978: Nr 2 i Falun og nr 3 i Holmenkollen. Nr 7 ski-VM i Lahti
  • 1979: Nr 2 i Falun
  • 1980: Nr 4 i vinter-OL i Lake Placid
  • 1981: Nr 12 i Holmenkollen
  • 1982: Gullmedalje under ski-VM i Holmenkollen, bronse i lagtevlinga
  • 1983: Nr 2 både i Lahti og i Holmenkollen.
  • 1984: Gullmedalje under vinter-OL i Sarajevo, verdscupsiger i Štrbské pleso, nr 2 både i Falun og i Holmenkollen

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]