Konsert for fløyte, harpe og orkester av Mozart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Konsert for fløyte, harpe og orkester i C-dur
K. 299
Solokonsert av Wolfgang Amadeus Mozart
PeriodeWienerklassisismen
KomponertApril 1778
Typisk lengd28:06
Satsar/akter3
ToneartC-dur

Konsert for fløyte, harpe og orkester i C-dur, K. 299, er eit stykke av Wolfgang Amadeus Mozart for fløyte, harpe og orkester. Det er ein av berre to verkelege doble solokonsertar han skreiv, samt det einaste musikkstykket som Mozart skreiv for harpe.[1] Stykket er eit av dei mest populære konsertstykka av sitt slag i repertoaret.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Konserten vart skriven i april 1778 av Mozart under ei reise til Paris for hoffet i Guînes. Det vart bestilt av (men aldri betalt for) fløytisten hertugen av Guînes, Adrien-Louis de Bonnières, og dottera hans som spelte harpe og som gjekk i lære hos komponisten for å lære å skrive musikk.[2][3]

Under wienerklassisismen var harpa framleis under utvikling, og vart ikkje rekna som eit standard orkesterinstrument. Det vart rekna meir som eit klimprepiano.[4] Derfor var kombinasjonen harpe og fløyte ein særs uvanleg kombinasjon. Dei fleste duettane for harpe og fløyte som finst i dag vart skrivne på 1800-talet.

Mozart skreiv konserten med tanke på publikummet. Stykket er i røynda i form som ein Sinfonia Concertante, som var særs populær i Paris på denne tida.[1] I dag vert konserten ofte spelt i kammerorkester, fordi han er teknisk utfordrande for begge instrumentalistar.

Harpedelen verka å vere meit ei tilpassing av eit pianostykke enn ein original harpedel.

Satsar[endre | endre wikiteksten]

Stykket består av følgjande satsar

I. Allegro
II. Andantino
III. Rondeau – Allegro

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Briscoe, Doug. Program notes. Boston Classical Orchestra.
  2. Symphony No. 31 in D Major, K. 297 (Paris). John F. Kennedy Center for the Performing Arts.
  3. Horsley, Paul. Program notes[daud lenkje]. Philadelphia Orkester.
  4. Salzedo, Carlos. "Editing Mozart's Flute and Harp Concerto". American Harp Society. Vol. 18, No. 4, Winter 2002, s. 33.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]