Konstantin Savitskij

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Konstantin Savitskij
Савицкий Константин Аполлонович.jpg
Fødd 6. juni 1844 (juliansk)
Taganrog
Død

13. februar 1905
Penza

Sjanger sjangermåleri
Yrke kunstmålar

Konstantin Apollonovitsj Savitskij (6. juni 184413. februar 1905) var ein russisk kunstmålar av den realistiske skulen, ein tidleg skildrar av livet til arbeidarklassen. Han var fødd i byen Taganrog sørvest i Russland og blei elev ved St. Petersburgs kunstakademi, der han seinare underviste.

Oppvekst[endre | endre wikiteksten]

Born med kyllingar, 1872
Linjearbeid ved jarnbanen, 1874
Mistenkelege folk, 1882
Rekviem for den niande dagen på kyrkjegarden, 1885
Til krig, 1888

Savitskij voks opp i Taganrog og i landsbyen Frankovka, der familien leigde eit sommarhus. Savitskij-familien budde i bygget som hyste Taganrog gymnas. Faren arbeidde som doktor på gutegymnaset. I dag ligg Taganrog jarn- og stålverk (TAGMET) på området der han budde.

Tidleg i barndomen viste Konstantin interesse for måling. Når han var ved stranda mot Azovhavet saman med foreldra, likte han å lage skisser. Teiknetimane på gymnaset var av hans kjæraste stunder.

Livet endra seg uventa for Savitskij då han gjekk i femte klasse på Taganrog gymnas. Begge foreldra døydde brått. Savitskij flytta til ein onkel som budde i dagens Latvia. Han gjekk der på ein privat kostskule til han i 1862 fullførte skulen og reiste til St. Petersburg.

Kunstnar[endre | endre wikiteksten]

I St. Petersburg tok Savitskij til ved St. Petersburgs kunstakademi. Han merka seg tidleg ut som ein av dei beste studentane på akademiet. Hans måleri i studenttida vart belønna med sølvmedaljar, og for biletet Kain og Abel (1871) mottok han ein gullmedalje. Personlege kontaktar med framståande representantar i den russiske kulturverda, til dømes Ilja Repin, Ivan Sjisjkin, Viktor Vasnetsov, Mark Antokolskij, Vladimir Stasov og Nikolaj Karamzin hadde stor innverknad på utviklinga til den unge kunstnaren.

Etter fullførte kunststudiar i heimlandet oppheldt han seg to år utanlands. Vel heimkomen vart Savitskij medlem av Peredvizjnikij-gruppa, ei samling russiske realist-målarar som i protest mot akademiske restriksjonar danna eit kunstnarkooperativ som dreiv vandreutstillingar frå 1870 av. Kunstverket Linjearbeid på jarnbanen var eit av dei første måleria vigd arbeidarklassa sine livskår. Titlane på kunstverka hans, så som Mista alle eigedelar i brannen, Til krig, Gjetarar, Krutsjnik og Gatespråk ved skranken viser kva retning kunsten hans utvikla seg i.

Målaren Savitskij underviste i over 20 år i målarkunst på kunstskular i Moskva, St. Petersburg og Penza. I 1897 fekk Konstantin Savitskij ei stilling ved Det keisarlege kunstakademiet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Konstantin Savitskij