Konstantin Volkov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Konstantin Volkov
Statsborgarskap Sovjetunionen, Russland
Fødd 28. februar 1960 (64 år)
Irkutsk
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1980

Utmerkingar

Idrettens mester i Sovjetunionen

Konstantin Jurjevitsj Volkov (fødd 28. februar 1960) er ein russisk tidlegare stavhoppar frå Irkutsk som representerte Sovjetunionen. Han vann OL-sølv i øvinga i 1980, og VM-sølv i 1983.

Volkov sigra i hall-EM 1980 i Sindelfingen med eit hopp 5,60 meter, framom landsmannen Vladimir Poljakov. I dei olympiske sommarleikane 1980 i Moskva kom han på delt sølvplass med Tadeusz Ślusarski frå Polen, begge tok seg over 5,65 meter i tredje forsøk. Volkov vann i 1981 universiaden med eit hopp på 5,75 m, også i 1983 triumferte han i universiaden, då med 5,65 m. Under VM i friidrett 1983 i Helsinki vart Volkov sølvvinnar då lagkameraten Sergej Bubka tok si fyrste av fem VM-gull. Volkov presterte livsbeste 5,85 meter den 22. juni 1984 i Kyiv.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]