Konstrakta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Konstrakta

Fødd12. oktober 1978 (45 år)
FødestadBeograd
Fødenamnserbisk-kyrillisk Ана Ђурић Игњатовић
OpphavSerbia
Aktiv1998–
Sjangerjazz, funk
PlateselskapPGP-RTS, Croatia Records
Verka somsongar-låtskrivar, arkitekt, songtekstforfattar

Ana Đurić (fødd 12. oktober 1978 i Beograd som Ignjatović), kjend under artistnamnet Konstrakta (serbisk-kyrillisk Констракта), er ein serbisk songar og låtskrivar. Ho solodebuterte musikalsk i 2019 med singelen «Žvake». Tre år etter vann ho songtevlinga Pesma za Evroviziju med songen «In corpore sano». Ho representerte Serbia i Eurovision Song Contest 2022 i Torino med same song.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Đurić vart fødd i Beograd i dåverande Jugoslavia, no i Serbia. Ho har drive med musikk sidan ungdomstida og tok artistnamnet Konstrakta som 20-åring då ho studerte arkitektur.[1] Namnet er basert på engelske ordet construct (norsk 'setje saman, byggje'), fordi ho likte å setje saman rytme og musikk på ein nærast matematisk måte.[1]

Konstrakta opptredde regelmessig med den serbiske musikkgruppa Mistakemistake, og i 2007 var ho med på å skipe bandet Zemlja Gruva. Bandet oppnådde stor suksess dei påfølgjande åra i Serbia, gjennom studioalbum som WTF Is Gruvlend? (2010) og Šta stvarno želiš? (2016).[2][3][4]

Fyrst som 41-åring, i 2019, solodebuterte Konstrakta med singelen «Žvake», etterfølgd av «Neam šamana» året etter.[5] I 2022 var ho ein av 36 artistar til å delta i den serbiske songtevlinga Pesma za Evroviziju, der vinnaren fekk representere Serbia i Eurovision Song Contest. Ho deltok med songen «In corpore sano» og vann både jury- og sjåaravrøystinga i finalen laurdag 5. mars 2022. Som vinnar var ho den serbiske representanten i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.[6] I finalen 14. mai kom ho på ein femteplass, som var det beste resultatet til Serbia sidan 2012, då Željko Joksimović enda på tredjeplass.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Sretenović, Katarina. «Ana Đurić: Muzika je najbolja terapija». zena (på serbisk). Henta 6. mars 2022. 
  2. Sretenović, Katarina. «Ana Đurić: Muzika je najbolja terapija». zena (på serbisk). Henta 6. mars 2022. 
  3. «Zemlja Gruva - Wtf Is Gruvlend? av Zemlja gruva» (på norsk bokmål). 1. januar 2010. Arkivert frå originalen 6. mars 2022. Henta 6. mars 2022. 
  4. «Sta Stvarno Zelis? av Zemlja Gruva» (på norsk bokmål). 17. juni 2016. Henta 6. mars 2022. 
  5. «Konstrakta på Apple Music». Apple Music (på norsk bokmål). Henta 6. mars 2022. 
  6. «Serbia: Konstrakta will take 'In Corpore Sano' to Italy 🇷🇸». Eurovision.tv (på engelsk). 5. mars 2022. Henta 6. mars 2022.