Željko Joksimović

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Željko Joksimović
Жељко Јоксимовић

Fødd20. april 1972
FødestadBeograd i Jugoslavia (no Serbia)
FødenamnŽeljko Joksimović
(serbisk kyrillisk Жељко Јоксимовић)
OpphavSerbia
Aktiv1999–
SjangerPop og rock
Instrumenttrekkspel, vokal
PlateselskapHayat Production, City Records
Verka somSongar, låtskrivar og musikkprodusent
Gift medJovana Janković

Željko Joksimović (fødd 20. april 1972 i Beograd) er ein serbisk songar, låtskrivar og musikkprodusent. Joksimović snakkar serbisk, gresk, engelsk, russisk, polsk og fransk.

Beovizija 2003[endre | endre wikiteksten]

Joksimović deltok som låtskrivar i den serbiske musikktevlinga Beovizija 2003 med songen «Čija si». Songen vart framført av Toše Proeski, og bidraget vann tevlinga med 75 poeng.

Eurovision[endre | endre wikiteksten]

Beovizija 2004 og Evropesma-Europjesma 2004[endre | endre wikiteksten]

Serbia og Montenegro skulle debutere i Eurovision Song Contest 2004 i Istanbul i Tyrkia og Beovizija 2004 vart brukt som ein serbisk semifinale før den serbiske og montenegrinske uttakinga Evropesma-Europjesma 2004. Joksimović deltok att som låtskrivar, denne gongen med Leontina Vukomanović. Leontina framførte «Zamisli», og enda på tredjeplass. Bidraget gjekk vidare til Evropesma-Europjesma 2004, der det enda på tolvteplass med 15 poeng. I tillegg hadde Udruženje javnih radija i televizija vald Joksimović internt til å framføre og skrive songen «Lane moje» til Evropesma-Europjesma 2004. Songen vart skriven saman med Vukomanović, og framført med Ad Hoc Orchestra. «Lane moje» vann til slutt tevlinga med 84 poeng.

Eurovision Song Contest 2004[endre | endre wikiteksten]

Joksimović & Ad Hoc Orchestra under Eurovision Song Contest 2004

Serbia og Montenegro debuterte i Eurovision Song Contest 2004 etter at dei tidlegare hadde delteke som Jugoslavia mellom 1961 og 1992. Bidraget vann semifinalen med 236 poeng; tolv frå Austerrike, Bosnia-Hercegovina, Sveits, Tyskland, Kroatia, Nederland, Sverige, Slovenia og Ukraina, ti frå Kviterussland, Kypros, Danmark, Finland, Hellas, Makedonia, Noreg, Portugal og Romania, åtte frå Spania, Storbritannia og Israel, sju frå Belgia, Monaco og Tyrkia, seks frå Irland, fire frå Albania, Latvia og Malta og eitt frå Andorra og Litauen. Landet gjekk dimed vidare til finalen. I finalen enda bidraget på andreplass med 263 poeng; tolv frå Austerrike, Bosnia-Hercegovina, Sveits, Kroatia, Sverige, Slovenia og Ukraina, ti frå Kypros, Tyskland, Finland, Frankrike, Makedonia, Nederland og Russland, åtte frå Hellas, Romania og Tyrkia, sju frå Albania, Kviterussland, Danmark, Israel, Island og Portugal, seks frå Spania, Malta og Noreg, fem frå Latvia og Polen, tre frå Belgia, Storbritannia og Irland, to frå Andorra og Litauen og eitt frå Estland og Monaco. Serbia og Montenegro vart det fyrste landet, saman med Hellas, som fekk over 200 poeng utan å vinne. «Lane moje» vann òg Marcel Bezençon Awards i kategorien «Press Award».

Beovizija 2005 og Evropesma-Europjesma 2005[endre | endre wikiteksten]

Saman med Aleksandra Milutinović skreiv Joksimović «Jutro» til Beovizija 2005, den serbiske semifinalen i Evropesma-Europjesma 2005, som var den serbiske og montenegrinske uttakinga til Eurovision Song Contest 2005 i Kiev i Ukraina. Bidraget vart framført av Jelena Tomašević, og vann med 90 poeng. I Evropesma-Europjesma 2005 enda bidraget på andreplass med 54 poeng.

Beovizija 2008[endre | endre wikiteksten]

Joksimović skreiv «Oro» saman med Dejan Ivanović til Beovizija 2008, den serbiske uttakinga til Eurovision Song Contest 2008 i Beograd i Serbia. Bidraget vart framført på serbisk av Jelena Tomašević feat. Bora Dugić i semifinalen, der det enda på andreplass med 19 poeng og gjekk vidare til finalen. «Oro» vann finalen med 24 poeng.

Eurovision Song Contest 2008[endre | endre wikiteksten]

Joksimović og Janković som programleiarar under Eurovision Song Contest 2008

I tillegg til å delteke som låtskrivar for Serbia vart Joksimović vald av Radio-televizija Srbije til å vere programleiar saman med Jovana Janković av di Serbia vann året før. På grunn av sigeren var landet direktekvalifisert til finalen, og bidraget enda på sjetteplass med 160 poeng; tolv frå Bosnia-Hercegovina, Slovenia, Sveits og Montenegro, ti frå Makedonia og Kroatia, åtte frå Tyskland og Nederland, sju frå Frankrike, Romania og Ungarn, seks frå Noreg, Tsjekkia og Sverige, fem frå Albania, Kypros og Hellas, fire frå Bulgaria, Polen og Russland, tre frå Armenia, to frå Island og Aserbajdsjan og eitt frå Moldova, Malta og Kviterussland.

Eurovision Song Contest 2012[endre | endre wikiteksten]

Joksimović vart vald internt av Radio-televizija Srbije til å representere Serbia i Eurovision Song Contest 2012 i Baku i Aserbajdsjan med songen «Nije ljubav stvar». Han skreiv bidraget saman med Marina Tucaković og Miloš Roganović. Songen vart framført på serbisk, og i den andre semifinalen enda bidraget på andreplass med 159 poeng; tolv frå Makedonia, Bulgaria, Slovenia og Frankrike, ti frå Nederland, Kroatia, Georgia, Noreg, Bosnia-Hercegovina og Tyskland, åtte frå Kviterussland, Portugal, Ukraina, Sverige og Slovakia, fem frå Malta, tre frå Storbritannia, to frå Litauen og eitt frå Estland. Hadde ein berre brukt telefonrøyster hadde bidraget enda på andreplass med 148 poeng, og hadde ein berre brukt juryrøyster hadde bidraget enda på andreplass med 141 poeng. Landet kvalifiserte seg til finalen, der det enda på tredjeplass med 214 poeng; tolv frå Montenegro, Bulgaria, Slovenia og Kroatia, ti frå Austerrike, Bosnia-Hercegovina, Sveits, Makedonia, Nederland, Sverige, Noreg og Tyskland, åtte frå Frankrike og Hellas, sju frå Kypros og Slovakia, seks frå San Marino og Italia, fem frå Romania, Belgia, Malta, Portugal og Litauen, fire frå Russland og Ungarn, tre frå Moldova og Island, to frå Ukraina og Finland og eitt frå Albania. Hadde ein berre brukt telefonrøyster hadde bidraget enda på tredjeplass med 211 poeng, og hadde ein berre brukt juryrøyster hadde bidraget enda på andreplass med 173 poeng.

Eurovision Song Contest 2015[endre | endre wikiteksten]

Knez vart vald internt av Radio i televizija Crne Gore til å representere Montenegro i Eurovision Song Contest 2015 i Wien i Austerrike med songen «Adio».[1] Joksimović har skrive bidraget saman med Marina Tucaković og Dejan Ivanović.[1] Songen vil verte framført på montenegrinsk i den andre semifinalen.[1]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]