Koranen
القرآن | |||
Ei side i ein andalusisk koran. | |||
Språk | klassisk arabisk | ||
---|---|---|---|
Blei til | 631 | ||
Sjanger | religiøs litteratur, heilag skrift |
Koranen (arabisk القرآن) er den heilage skrifta i islam. Ho består av profeten Muhammed sine openberringar.
Koranen består av 114 suraer (kapittel), og dei er ordna slik at dei lengste suraene kjem fyrst, og dei kortaste sist, med unnatak av den korte fyrste suraen som er ei sentral bøn i islam.
For dei truande er Koranen bokstaveleg Guds ord, ein kopi av ei himmelsk bok «nedsend» til Muhammed via openberringar. Koranen er skriven på arabisk, og omsetjingar vert ikkje rekna som heilage, men som tolkingar av Koranen.
Koranen på norsk
[endre | endre wikiteksten]Koranen vart fyrst omsett til nynorsk av Einar Seim i 1965, men ikkje gjeven ut.[1][2]
Den fyrste fullstendige norskomsetjinga av Koranen vart gjeven ut av Universitetsforlaget i 1980, omsett av Einar Berg.
I 1996 kom den andre norske omsetjinga av Koranen, utgjevne av Islams Ahmadiyya Menighet.[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Redaksjonen (23. juni 2015), «Han omsette Koranen til nynorsk», LNK-nytt (på engelsk), henta 25. november 2023
- ↑ Dale, Tove Elise Thue (17. juni 2015), «Han omsette Koranen til nynorsk», Firda (på norsk), henta 25. november 2023
- ↑ Den Hellige Qur'ânen (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 2. april 2015, henta 14. juni 2018
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Quran Word by Word // QuranAcademy.org
- Al-Quran Arkivert 2009-01-29 ved Wayback Machine.-prosjektet (med norsk omsetjing av Einar Berg og Tahir al-Qadri)