Koreasundet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Koreasundet

Koreasundet er eit sund som ligg mellom Sør-Korea og Japan og er bindeledd mellom Austkinahavet og Japanhavet i det nordvestre Stillehavet. Sundet er viktig for internasjonal sjøfart.

Tsusima Kaigan Yūbare (1853). Tresnitt av Hiroshige.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Sundet har kyst mot den sørlege delen av Korea-halvøya i nord og dei japanske øyene Kyushu og Honshu i sør. Koreasundet er vel 200 km vidt på det meste, mens djupna ligg på mellom 90 og 100 meter.

Sundet er delt av Tsushimaøya i ein vestre og austre kanal, Tsushimasundet. Den vestlege kanalen er djupare, opptil 227 meter djup, og smalare enn Tsushimasundet. I 1905 fann slaget i Tsushimasundet stad, der ein japansk flåte øydela den russiske under krigen mellom dei to landa.

Havstraumar[endre | endre wikiteksten]

Ein del av Kuroshiostrømmen eller Tsushimastramen passerer gjennom sundet. Dette er ein varm havstraum som kjem frå dei japanske øyane og passerer gjennom Japanhavet før han blir delt av Sakhalin. Deretter fortset han inn i det nordlege Stillehavet via sundet nord for Hokkaidō og inn i Okhotskhavet nord for Sakhalin nær Vladivostok. Vassmassen er svært variabel på grunn av det låge saltnivået i hava søraust for Korea og Kina.

Skipsfart[endre | endre wikiteksten]

Utsyn mot Busan frå ei ferje.

Både Sør-Korea og Japan har avgrensa sine territorielle krav i området, til tre nautiske mil frå kysten, for å sikra fri passasje for trafikk.

Ei rekkje passasjerbåtar trafikkerer sundet. Kommersielle ferjeruter går frå Busan i Sør-Korea til japanske hamner som Fukuoka, Tsushima, Shimonoseki og Hiroshima. Det går også ferjer mellom Tsushimaøya og Fukuoka og den sørkoreanske øya Jeju og det sørkoreanske fastlandet. I tillegg kjem ferjetrafikk mellom Busan, Japan og Kina.

Tanken om ein undersjøisk tunnel mellom Japan og Korea har vore lufta. For Japan ville ein slik tunnel vera særskild interessant ettersom det ville gjera det lettare å transportere gods gjennom Korea til Russland og vidare til Europa.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]