Korsvoll i Oslo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Havnabakken
Foto: Helge Høifødt

Korsvoll er eit bustadsstrøk i Oslo, med villa- og rekkjehusbusetnad.

Korsvoll grensar til Kringsjå i nordvest, Nordmarka i nord, Brekke i aust, Nydalen i søraust, Tåsen i sør, og Nordberg i vest.

Grunna nærleik til Nordmarka er Korsvoll eit populært strøk for barnefamiliar. På Korsvoll ligg Korsvoll barneskule. Dei fleste som går på Korsvoll barneskule byrjar på Nordberg ungdomsskule. Nokon vel òg å byrja på Engebråten.

Idrettslaget[endre | endre wikiteksten]

Krossvoll IL - Skeid 07.09 .2008

Korsvoll har eit aktivt idrettsmiljø med fotball som den største aktiviteten. 6.september 2003 var den offisielle opninga av kunstgrasbanen på Korsvoll. Herrelaget i fotball rykte opp i 2. divisjon i 2005-sesongen og forsvarte plassen med ein god 8.-plass i 2006-sesongen etter ein særs sterk haustsesong. Sesongen 2007 og 2008 enda med 9.-plass. Korsvoll IL har no fremja forslag om å byggja ein idrettshall på Korsvollbanen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]