Kotagiri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk


Ein veg inn til ein landsby i Kotagiri

Kotagiri er ein liten landsby i Nilgiris-distrikrtet i Tamil Nadu. Kotagiri Ligg på 1 793 moh og er ein av tre populære Hill Station i Nilgiris.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kotagiri ligg på 11,43° N. og 76,88° Ø. Gjennomsnittshøgda der er 1 793 meter.

Regionen er kjend for sin eviggrønne vegetasjon. Det viktigaste som vert dyrka er eukalyptus og vintergrønne trær som veks her. Klimaet er òg velegnet for frukt og grønnsaker, men mange lokale bønder dyrkar no rosenkål, kål, gulrøtter og sopp blant mange andre vekstar.

Kotagiri er òg ein stad der ein ofte kan sjå bøffel og vilja bjørnar.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Etter folketeljinga i India 2011 hadde Kotagiri 29 184 innbyggjarar.[1] Menn utgjorde 49% og kvinner 51%. Lesekyndighetewn var 77% hos menn, kvinner 70%. Barn under 6 år: 9%. Badagas-stammen er dei opphavlege i Kotagiri og eig det meste av jorda.

Kotagiri

Skular[endre | endre wikiteksten]

Kotagiri kan tilby både fastbuande og utanbys elevar følgjande skular:

  • St. Jude's Public School & Junior College
  • St. Marys Home Matriculation School
  • NPA Centenary Polytechnic College:[2]
  • santalmisjonen kunne gjenoppta verksemda etter andre verdskrig etablerte misjonen skule i Kotagiri. Forutan barnet til misjonærane hadde skulen elevar frå Fiskeriprosjektet i Kerala. Skulen vart nedlagd på 1970-talet, då misjonselskapenes arbeidsforhold etterkvart vart vanskelege vart skulen flytta til Nepal

Veiforbindelser[endre | endre wikiteksten]

Frå Kotagiri går den vegen til Mettupalayam. Vegen held fram til Ooty. Det er 27 km. frå Kotagiri til Ooty og vegen, Nilgiri Ghat Roads er ein av fem hovudvegar i distriktet. Coonoor ligg 23 km. frå Kotagiri og forbundet med ein veg som greiner ut frå vegen til Ooty.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Census of India 2001: Data from the 2001 Census, including cities, villages and towns (Provisional)». Census Commission of India. Arkivert frå originalen 2004-06-16. Henta 1. november 2008. 
  2. Arkivert 14. juli 2011 på Wayback Machine.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]