Fiskeriprosjektet i Kerala

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Neendakara der prosjektet starta

Fiskeriprosjektet i Kerala var det første u-hjelpsprosjektet til Noreg, og vart starta i 1952 i den indiske delstaten Kerala. Det var eit forsøk på å styrkja den lokale fiskeriindustrien, blant anna med motorisering av båtar. Prosjektet vart avslutta i 1972 og då var bistanden berekna til 122,3 millionar kroner.[1][2]

Prosjektet byrja i Quilon (no Kollam) med middel frå Indiafondet og omfatta i tillegg til fiske også helse, vassforsyning (med bygging av røyrfabrikk) og landsbyutvikling. Etter kvart, i 1961, vart verksemda i Quilon avvikla og prosjektet flytta til Cochin/Ernakulam, no med berre satsing på fiskeri, der det vart bygd isfabrikk og verkstad med slipp for båtane, og dessutan eige bustadsområde for dei norske bistandsarbeidarane.

Arne Martin Klausen og Johan Galtung kritiserte prosjektet.[3]

Prosjektet hadde tre mindre sattelittprosjekt i Mandapam, Kannur og Karwar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. India: et av Norges samarbeidsland i Asia. Oslo: NORAD. 1975. s. 32. ISBN 8271230131. 
  2. Fiskeribistand til Kerala førte til overfiske - norad.no,10.12.2012, besøkt 25.9.2016
  3. Tore Rosenberg: Bistand eller business? Norsk miljøbistand 2005-2013, masteroppgave i historie, Institutt for arkeologi, konservering og historie, Universitetet i Oslo, 2014, s. 26.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Omtale i The Hindu 13. januar 2013 i samband med skipinga av prosjeket, 60 år tidlegare