Lesekunne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lesing og skriving i ein illustrasjon frå 1810.

Lesekunne er evna til å lesa og skriva. I noko utvida forstand kan lesekunne òg omfatta evna til å forstå eit språk ved lytting og å tale språket. Lesekunne er innfallsporten til vidare utdanning, som er rekna som ein av SN sine menneskerettar.

I moderne samanheng reknar me nokon for å ha lesekunnskap om dei er ein funksjonell lesar, det vil seie er i stand til å lesa og skriva på eit nivå som tillèt normal kommunikasjon og som gjer det mogleg å forstå og kommunisera tankar og delta i eit skriftbrukande samfunn. Til motsats er ein som har lita eller inga lesekunne ein (funksjonell) analfabet. Mellom det å vere ein funksjonell lesar og å vere analfabet finst det ei gruppe som er i stand til å lesa enkle tekstar, men som ikkje vil kunne handtera vanskelege tekstar og som har problem med å sjølv uttrykkje seg skriftleg.

Lesekunne blir gjerne rekna som ein viktig del av menneskeleg kapital, både i arbeidslivet og i samfunnet generelt, fordi dei generelt har høgare sosio-økonomisk status og betre helse enn analfabetar.

Delen av analfabetar i verda blei halvert frå 1970 til 2005, og er venta å fortsetja å gå ned.
Kart som viser delen av lesekunnige i kvart land. Raudfarge viser at halvparten eller meir av folkesetjinga ikkje kan lesa og skriva. Blåfarge viser at 95-100 % er lesekunnige.
Nedgang i analfabetisme i Frankrike for generasjonane fødd frå 1720 til 1885.

Historisk utvikling[endre | endre wikiteksten]

Lenge var det berre eliten som kunne lesa og skriva. Lesekunne var berre utbreidd blant rike eller visse religiøse, medan fattigare folk og gjerne også kvinner ofte var analfabetar.

I Europa kan auka lesekunne sporast tilbake til utviklinga av boktrykkarkunsten på 1400-talet. Massetrykking gjorde det mykje lettare å produsera og spreia tekstar, og skikkelegare typografi gjorde truleg også tekstane lettare å lesa.

Reformasjonen førte også med seg auka vektlegging på lesekunne blant allmugen, som skulle lesa Bibelen og katekismen. Den dansk-norske Kirkeordinansen frå 1537 (og seinare) la vekt på leseundervising for barn, og innføringa av obligatorisk konfirmasjon i 1736 og skule med leseundervising i 1739 skulle gjera at alle fekk ein viss lesedugleik. Det var likevel ikkje alle som blei funksjonelle lesarar av denne undervisinga.

Frå midten av 1800-talet byrja lesekunne og skikkelege skulesystem for alvor å bli utbreidd i den vestlege verda, og samfunna blei samstundes meir tekstbaserte. Fleirtalet av dei som bur i industriland no er lesekunnige, og dei få som ikkje er det kan ha problem som dysleksi eller manglande skulegang. I utviklingsland er talet på analfabetar høgare, særleg blant kvinner. Kampanjar for å auka lesekunne har gjort at mange fleire har blitt lesekyndige i løpet av 1900-talet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]