Kourou
Kourou er ein by og ein kommune i Fransk Guyana, eit fransk oversjøisk department i Sør-Amerika. Byen ligg ved kysten av Atlanterhavet rundt 60 km nordvest for hovudstaden Cayenne ved munningen av elva Kourou.
Kourou er heimstad for Centre spatial guyanais («Guyana romfartssenter») i Frankrike og der den viktigaste romhamna til Den europeiske romfartsorganisasjonen. Romfartssenteret ligg utanfor og litt nordvest for byen. Delar av byen vert stengt av under rakettoppskytingar. Kourous økonomi er i stor grad dominert av romfartssenteret, der dei europeiske Ariane-rakettane vert skotne opp frå, og frå 2009 òg den russiske Sojuz og den italienske Vega.
Ved folketeljinga i 1999 hadde kommunen 19 107 innbyggjarar, og folkesetnadstalet aukar raskt. Innbyggjarane kan delast inn i tre omtrent like store etniske grupper:
- Innfødde (hovudsakleg kalina, kreolar og marooner)
- Kvite (hovudsakleg franske), og
- Utlendingar (brasilianarar, surinamarar, hmong, haitiarar, guyanarar osb.)
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Kourou» frå Wikipedia på bokmål, den 8. februar 2018.