Kringsjå studentby
Kringsjå studentby er eit samlenamn på dei to studentbyane Kringsjå og Fjellbirkeland på Kringsjå i Nordre Aker bydel i Oslo. Kringsjå studentby vart teken i bruk i perioden 1967 - 70 og Fjellbirkeland studentby i 1991. Dei to studenbyane ligg side om side, og har til saman 31 store og mindre bustadblokkar med meir enn 2000 husvære. Eigar er Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus.
Studentbyen ligg ved Kringsjå stasjon på T-banelina Sognsvannsbanen, som gjev lett og snøgg tilkomst til Universitetet i Oslo på både Blindern i Oslo, om lag tre kilometer unna, og på Karl Johans gate i sentrum av byen. Kringsjå ligg dessutan i nærleiken av Sognsvann, Norges idrettshøgskole og det vidstreket turterrenget i Nordmarka.