Kringsjaa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Avfotografert framsideblad frå eit Kringsjaa, januar 1897

Kringsjaa var eit tidsskrift som kom ut annakvar veke i perioden 18931910. Det blei utgjeve ved Olaf Norlis forlag i Kristiania (Oslo). Bladet kom som hefter med om lag 80-100 sider og var basert på tinging. Forlaget tilbaud tingarane å få bunde hefta inn i band på om lag 10 hefter i kvart.

Tidsskriftet blei grunnlagt i 1893 av Hans Tambs Lyche (1859-1898), ein unitarisk prest som var heimvend frå Amerika. Det var også Lyche som redigerte det fram til 1898. Redaktør frå 1898 til 1910 var Christopher Brinchmann. I 1910 blei Kringsjaa kjøpt av forfattaren og nynorskforkjemparen Marta Steinsvik, som hadde vore sekretær i tidsskriftet sidan 1895. Ho ønskte å føre nynorsk inn i Kringsjaa saman med det dansk-norske målet som fram til da hadde vore herskande. Det synte seg likevel at det ikkje var god nok økonomi til å drive bladet vidare, og det gjekk såleis inn same året.

Innhaldet i Kringsjaa var spreidd over eit vidt spekter. Her fann ein artiklar av populærvitskapleg karakter, politikk, kultur, religion og samfunn. Mange av artiklane var illustrerte med fotografi eller teikningar. Store delar av innhaldet var omsette artiklar frå utanlandske blad, men særleg i grunnleggjaren si tid som redaktør var det mykje eigenprodusert stoff.