Olaf Huseby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olaf Huseby
Fødd 12. desember 1856
Død

3. oktober 1942 (85 år)

Yrke forleggjar

Olaf Huseby (12. desember 18563. oktober 1942) var ein norsk forleggjar ifrå Systrond i Sogn. Av yrke var han utgjevar og bokreidar i mange år, både i Oslo og Sambandsstatane. Han tok lærarskulen på Stord. Der møtte han Sven Aarrestad, jærbuen som var vinstremann, målmann og fråhaldsmann. Han hadde lærarpost i Brevik 1876–79, men vart neitta fast stilling av di han skreiv i eit radikalt blad (Breviks Avis). Han studera bokreidarkunna i Tyskland og England 1881–83. Då han kom att til Noreg, skipa han saman med Olaf Olsen (sidan Norli) ein bokhandel i Oslo. Denne bokhandelen gav ut bøker av Amalie Skram og Arne Garborg. Då Norli var i Paris i studieåri sine, dreiv Huseby bokhandelen åleine. Etter eit bel braut Huseby samvinna med Norli og dreiv for seg sjølv. Då sytte han for å gjeva ut landsmålssalmane hans Elias Blix. I 1903 fór Huseby til Sambandsstatane og sette i gang med bokreiding i Minneapolis. Han var bladstyrar i eige blad, Den Nye Heimen. Då han flutte til Morris i Minnesota, gav han ut både dagblad og vekeblad. Eit tiltak Huseby ikkje fullførte, var soga om den norske utvandringa til Amerika.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]