Kristen Krogh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kristen Krogh
Fødd5. desember 1910
Død10. juli 1998
NasjonalitetNoreg
Yrkeornitolog

Kristen Krogh (5. desember 191010. juli 1998) var ein norsk forstmann og ornitolog, og arbeidet han gjorde for det offentlege naturvernet har gitt han status som «nasjonalparkanes far».

Oppvekst og utdanning[endre | endre wikiteksten]

Kristen Faye von Krogh vart fødd i Gransherad i Telemark med foreldra Asta Olava f. Thorbjørnsen og sokneprest Einar von Krogh.[1] Som presteson flytta han med familien til Mosjøen i 1916, og han budde på Dolstad prestegard rett ved Dolstad kyrkje fram til familien flytta til Drammen i 1928. Etter kvart fjerna han predikatet von frå namnet sitt.[treng kjelde]

I Mosjøen og Vefsn vart interessa for ornitologi vekt, og i 1928 melde han seg inn i Norsk ornitologisk forening. Etter eksamen artium i 1930, eit års arbeidspraksis hos Treschou og militærteneste i garden, begynte han på Statens skogskole i Steinkjer hausten 1932. Han heldt fram skogbruksutdanninga med tre år på Noregs landbrukshøgskole (1933-1936).

I studietida var han politisk aktiv. Han var med å stifte «Landbrukshøiskolens socialistiske studentlag», og han var eitt år formann i den lokale avdelinga av «Norges studerende ungdoms avholdsforbund».

I 1941 vart han Kristen Krogh gift med Anne Mathilde Mentsen (1921-2007) frå Grong i Nord-Trøndelag.

Yrkeskarriere[endre | endre wikiteksten]

Som forstkandidat fekk Krogh arbeid på på høgskolens institutt for skogskjøtsel. Etter eitt år der vart han tilsett i forstvesenet, som forvalta den skogen staten åtte i Noreg, frå 1957 omorganisert til Direktoratet for statens skoger. Som tilsett i forstvesenet fekk han først arbeid i Lierne, frå 1941 vart han assistent i skogforvaltinga i Innherad, samtidig som han underviste på skogskolen i Steinkjer. I 1945 vart han skogforvaltar i Grong, og i 1955 vart han skoginspektør for Nord-Noreg med kontorstad i Mosjøen.

I 1960 vart Krogh tilsett i ei nyoppretta stilling som Statens naturverninspektør, med kontorstad i Trondheim. Her fekk Krogh arbeide for hjartesakene sine, naturvern og naturfreding. Han var med å arbeide fram den første norske nasjonalparken, Rondane nasjonalpark, som vart oppretta 1962. Nasjonalparken følgde han opp gjennom arbeidet for ein norsk nasjonalparkplan.

Ved sida av arbeidet i skogvesenet og som naturverninspektør, skreiv han ei rad artiklar og bøker, spesielt om emne innan ornitologi og skogzoologi. Han deltok også i mange naturopplysningsprogram produsert av Norsk rikskringkasting.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]