Gransherad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gransherad
stad
Gransherad.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Telemark
Kommune Notodden
Postnummer 3691 GRANSHERAD

Gransherad
59°41′26″ N 9°2′18″ E
Wikimedia Commons: Gransherad

Gransherad er ei bygd i Notodden kommune i Telemark, kring tre mils køyring nordvest for kommunesenteret Notodden by. Gransherad var ein eigen kommune mellom 1860 og 1964. Bygda har barne- og ungdomsskole, barnehage, kyrkje, nærbutikk, 4H-klubb, «gjesteheim» og bensinstasjon med gatekjøkken.

Gransherad kommune[endre | endre wikiteksten]

Utsyn mot Bolkesjø
Gransherad sett frå brua
Foto: Vidar Iversen

Gransherad kommune vart oppretta i 1860 og femnde Gransherad sokn som hadde høyrd til Hjartdal kommune, og Hovin sokn som hadde høyrd til Tinn kommune. I 1886 vart kommunen deld i to, og Hovin vart eigen kommune, medan Gransherad sokn utgjorde Gransherad kommune åleine. Ved delinga budde det 1393 personar i Gransherad, og 885 i Hovin. I 1964 vart kommunane Gransherad, med unntak av Øvre Jondalen som vart overført til Kongsberg kommune i Buskerud, Heddal og Notodden slegne saman til nye Notodden kommune. Rudsgrenda, som hadde høyrd til Hovin kommune vart òg overført til den nye Notodden kommune. Ved samanslåinga budde det 1115 personar i den delen av Gransherad som vart innlemma i Notodden kommune.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Gransherad har også ein eigen festplass, som heiter Høvleriet, der Hellbillies kjem for å spele kvart år.

Komponisten Klaus Egge blei fødd i Gransherad. Fløytisten og vokalisten i Trang Fødsel, Jørund Fluge Samuelsen, voks også opp her.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]