Kristen Løland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Kristen Andersson Løland (18811953) var ein skulemann og forfattar frå Iveland i Aust-Agder.

Løland tok eksamen ved Elverum lærarskule i 1906. Dei neste åra var han lærar ymse stader, så som i Krødsherad, Tveit, Lista, Ølen, Halse og Harkmark. Der etter underviste han i folkeskulen i Søndeled i meir enn to tiår. I 1910 og -12 fekk han gitt ut forteljingane/romanane Gunnar Sollid og Fraa Kakse-bygda på eit forlag i Risør. Sjølv redigerte han ungdomsbladet 'Dølen', som kom ut i Risør i tida 1912-15.

Ein «augnesjukdom gjorde at han laut slutta skulearbeidet». Han flytta då tilbake til Løland, der han i 1934 fekk bygt stovehus til seg og familien på ei bot av farsgarden. Då han døydde, hadde han «vore blind i mange år».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]