Kristian Hermann Berg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kristian Hermann Berg
Fødd18. april 1894
Sørøysund kommune
Død21. januar 1961
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkefiskar, bonde, politikar

Kristian Hermann Berg (18. april 189421. januar 1961) var ein norsk fiskar, småbrukar, samvirkekonsulent og politikar frå Gamvik i Sørøysund i Finnmark. I tida 1928 til 1945 var han 1. representant på Stortinget frå Finnmark, vald for Arbeidarpartiet.

Berg var i 1911 elev ved amtsskolen i Alta 1911. Der etter var han fiskar og skipper, og dreiv mellom anna håkjerringfiske til havs på eiga fiskeskøyte frå 1917. Sidan 1918 eigde og dreiv han småbruket Hønsebyvik i Sørøysund. Frå mai 1938 arbeidde han som statleg konsulent i fiskarsamvirket i Nord-Noreg.

Berg var ei drivande kraft i organiseringa av fiskerinæringa i Vest-Finnmark. I 1920 var han med å stifte Sandøbottens Fiskerforening, formann i laget i tre år. To år etter var han mellom stiftarane av Vest-Finmarkens gjensidige låneforretning og var 1923-28 forretningsførar for selskapet. Og i 1930 var han med å stifte Finnmarks fiskerforbund.

Åra 1924-27 var Berg likningssekretær i Sørøysund. Han gjekk då i 1928 over til å vere ordførar i Sørøysund, ein posisjon han hadde til 1937. Samstundes vart han i 1928 stortingsmann for Arbeidarpartiet og Finnmark, attvald både i 1930, 1933 og 1936. På Tinget var han 1928-30 medlem i Næringskomite nr 1 og frå 1931 i Sjøfarts- og fiskerikomiteen.

Attåt stortingsarbeidet var Berg medlem i Komiteen om fiskeridistriktenes vanskeligheter av 1932 og i Råfiskkomiteen av 1937, formann i Komiteen om fiskerienes tryggingsfond av 1938, medlem i Fiskeværkomiteen av 1947 og i Komiteen om eigedomsretten til fiskefartøy av 1948.

Under okkupasjonen av Noreg vart han arrestert 26. juni 1942. Sidan sat han i fangeleirane Sydspissen, Veidalen og Tromsdalen til vinteren 1943. Der etter var han innom leirane Vollan og Grini, før han enda opp i Sachsenhausen. Etter knappe to år i Sachsenhausen sat han ei tid i Neuengamme og 12 døgn i ein fangeleir i Danmark. 2. mai 1945 kom han til Sverige.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]