Kristian Holst

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kristian Holst
Fødd26. august 1885
Død27. oktober 1950 (65 år)
Statsborgar avNoreg
PartiFrisindede Venstre
Yrkepolitikar
Alle verv

Kristian Fredrik Holst (26. august 188527. oktober 1950) var ein norsk forretningsmann og politikar i Harstad. Holst var ordførar i Trondenes og stortingsmann 1922-24.

Etter mellomskule-eksamen i 1901 drog han til sjøs. 1904 tok han styrmannseksamen i Kristiania. Sidan arbeidde han i forretning til faren, dreiv sjølv handel frå 1907. Omframt fiskehandel dreiv han handel med både salt og kol. Han var styremedlem/-leiar i Senjens privatbank og i forsikringsselskap, dampskipsselskap, sildeoljefabrikk, med meir.

Valperioden 1922-24 representerte Holst partiet Frisinna Venstre og Troms fylkeStortinget. Han var då medlem i Post- og telegrafkomiteen. Frå 1919 til 1938 var han medlem av heradsstyret i Trondenes, ordførar i kommunen frå 1926 til 1931.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]