Kristian Nissen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kristian Nissen
Fødd 29. november 1879
Død

10. mai 1968

Yrke historikar, prest

Nils Kristian Nissen (29. november 187910. mai 1968) var ein norsk prest, embetsmann og forskar, særleg på samisk kultur og historie. Han var son til Per Nissen og bror til Hartvig Nissen.

Kristian Nissen tok eksamen i kvænsk i 1900 og samisk i 1901. År 1902 vart han cand.theol. Frå 1904 til 1913 arbeidde han som sokneprest i Karasjok. Han var i den tid, 1909-12, medlem av reinbeitekommisjonen. Der etter hadde han stillinga som Statens inspektør for reindrifta til 1926, busett i Oslo. Sidan var han domprost i Tromsø og frå 1936 til -49 sokneprest i Lier.

Nissen samla mykje stoff og materiale om samiske og nordnorske tilhøve. Han skreiv om mange ulike tema i samisk historie og samfunnsliv, særleg om reinbeitespørsmålet, læstadianismen og anna. Frå 1924 medarbeidar i Insititutt for samanliknande kulturgransking. Eit trebandsverk om gamle norske kart, Bidrag til Norges karthistorie, kom ut 1938-43. Gjennom åra hadde Nissen ei rad tillitsverv, så som styremedlem i Den norske Turistforening og i Tromsø Museum.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1958