Per Nissen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Per Nissen
PerSchjelderupNissen-NFB.30988.jpg
Fødd 24. mars 1844
Christiania
Død

22. desember 1930

Yrke kartograf, oberst, generalmajor
Per Nissen på Commons

Per Schjelderup Nissen (24. mars 184422. desember 1930) var ein norsk hærmann og «uvanleg produktiv» kartograf, son til Hartvig Nissen. Han var far til Hartvig Nissen og Kristian Nissen.

Per Nissen var offiser i det militære frå 1865. Han gjekk seinare den militære høgskulen og gjorde teneste i generalstaben. Samstundes arbeidde han i mange år i Norges geografiske oppmåling, både som avdelingssjef og perioden 1900-06 som direktør.

Frå 1885 til -92 underviste Nissen i militær taktikk ved Krigsskulen. Åra 1897-99 var han grensekommissær då grensa mellom Noreg og Russland vart gått opp. 1899-1900 militær rådgjevar ved statsrådsavdelinga i Stockholm. I 1905/06 arbeidde han som adjutant hos kong Haakon VII. I 1906 utnemnd til generalmajor og brigadesjef i Bergen. Etter han tok avskjed frå hæren i 1912 gav Nissen i 1914 ut Fædrelandet, en Norgesbeskrivelse for landsmænd hjemme og ute. Hovudarbeidet hans, Økonomisk-geografisk atlas over Norge, kom ut i 1921.

Formann fleire år i Norsk Geografisk Selskap.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1958