Hopp til innhald

Kristian Thorstvedt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kristian Thorstvedt


StatsborgarskapNoreg
Fødd13. mars 1999 (27 år)
Stavanger kommune
Idrettfotball
Tok del i VM i fotball 2026

Kristian Thorstvedt (fødd 13. mars 1999) er ein norsk fotballspelar fødd i Stavanger. Han vart norsk meister med Viking FK i 2019 og belgisk cupmeister 2021 med KRC Genk. Erik Thorstvedt er far hans.

Thorstvedt er midtbanespelar og var aktiv for Viking på nivå 2 i 2018 og eliteserien i 2019. 8. desember 2019 var han med å vinne cupfinalen på Ullevål stadion med 1–0 over FK Haugesund. Frå nyåret 2020 hadde han kontrakt med den belgiske klubben KRC Genk. 25. april 2021 spelte han nesten heile kampen då Genk slo Standard Liège 2–1 i den belgiske pokalfinalen. Sommaren 2022 vart han overført til italienske Sassuolo der han, utanom skadar, har spelt fast i Serie A og ein sesong i Serie B.

Landslagsspel

[endre | endre wikiteksten]

Thorstvedt fekk sin landslagsdebut 18. november 2020. I den såkalla naudlandslags-kampen var han innbytar då Austerrike og Noreg spelte uavgjort 1–1 i Wien. Han deltok i to av kvalifiseringskampane til Fotball-VM 2026. Per 1. april 2026 var han bokført med 35 kampar og 4 landslagsmål.

  • Norsk cupmeister: 2019 med Viking FK
  • Belgisk cupmeister: 2021 med KRC Genk