Krit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kritt)
Krit

The Needles, like utafor Isle of Wight, er ein del av den store Southern England Chalk Formation.
Kjenneteikn
GruppeSedimentær
Identifikasjon
SamansettingKalsitt (kalsiumkarbonat)

Krit eller skrivekrit er ein sedimentær bergart, ein kvit eller lys grå, jordaktig kalkstein som hovudsakleg består av kokkolittar og foraminiferskal. Krit er massiv, ofte med lag av flintknollar. Det er kjent frå den seinare delen av perioden krit i Storbritannia, Frankrike, Nord-Tyskland, Danmark ogRussland. Den noko fastare krit-kalksteinen opptrer mellom anna i Ekofiskområdet i Nordsjøen, der han er ein viktig reservoarbergart for olje og gass.

Namnet kjem av det latinske uttrykket som tyder «jord frå Kreta».

Kritteikning på ei tavle.

Krit blir brukt som skrivekrit, farge, pussemiddel, fyllstoff i industriprodukt, og som vanleg kalkstein.

Uttrykt «å ta på krita» kjem av ein skikk i eldre tider med å avmerke med krit på ei tavle når ein kjøpte utan å betale kontant i forretningar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Krit