Krukkeperleblom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Krukkeperleblom
Krukkeperleblom
Krukkeperleblom
Status
Status i Noreg: Framandart med potensielt høg risiko
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Orden: Aspargesordenen Asparagales
Familie: Aspargesfamilien Asparagaceae
Underfamilie: Scilloideae
Stamme: Hyacintheae
Understamme: Hyacinthinae
Slekt: Perleblomslekta Muscari
Art: Krukkeperleblom M. armeniacum
Vitskapleg namn
Muscari armeniacum

Krukkeperleblom (Muscari armeniacum) er ei plante i perleblomslekta i aspargesfamilien.[1] Arten kjem opphavleg frå Balkan og Vest-Asia.[2]

I Noreg er arten ein framandart som er innført som prydplante. Arten vart funnen forvilla i 1962 og er i auke. Krukkeperleblom er registrert spreidde stader langs kysten frå Østfold til Møre. Ein del funn som er registrerte som perleblom, kan syne seg å vere krukkeperleblom.[2] I Framandartslista 2023 er arten registrert med potensielt høg risiko (PH),[3] oppgradert frå låg risiko (LO) i 2018.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Artsdatabanken: Krukkeperleblom». Artsdatabanken. Henta 8. mars 2023. 
  2. 2,0 2,1 Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 223. 
  3. «Fremmedartslista 2023: krukkeperleblom Muscari armeniacum Leichtlin ex Baker». Framandartslista 2023. Artsdatabanken. 11. august 2023. Henta 13. februar 2024. 
  4. «Fremmedartslista 2018: Muscari armeniacum krukkeperleblom». Framandartslista 2018. Artsdatabanken. 24. april 2018. Henta 8. mars 2023. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]