Krykkjer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Krykkjer
Krykkjer på is i Krossfjorden Foto: Andreas Weith
Krykkjer på is i Krossfjorden
Foto: Andreas Weith
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Underorden: Lari
Familie: Måsefamilien Laridae
Underfamilie: Larinae
Slekt: Krykkjer Rissa
Stephens, 1826

Krykkjer er dei to nært nærskylde sjøfuglartane som gjer ut for den biologiske slekta Rissa i måsefamilien, Laridae. Dette er arten krykkje (Rissa tridactyla) kjenneteikna av svarte bein, og arten raudfotkrykkje (Rissa brevirostris). Det engelske namnet er ein imitasjon av lætet, ein skingrande 'kittee-wa-aaake, kitte-wa-aaake'. Slektnamnet Rissa er frå det islandske namnet 'Rita' for arten krykkje.[1]

Krykkjer er små måsar som kan treffast langt til havs, men sjeldan over land. Dei søker til land for hekking og er kolonihekkarar.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dei to artane er fysisk nokså like. Begge har kvitt hovud og kropp, grå rygg, grå venger med solid svart vengetipp, og eit gult nebb. Vaksne raudfotkrykkjer er noko mindre enn arten krykkje, omtrent 37 cm mot ca. 40 cm. Andre skilnadar hos raudfotkrykkje inkluderer eit kortare nebb, større auge, eit relativt større og rundare hovud, og mørkare grått på oversidene av vengene. Medan dei fleste svartbeinte krykkjer faktisk har mørkegrå bein, har nokon likevel rosa-grå til raudlege bein, noko som gjer farga på beina til ein noko upåliteleg identifiserande markør.[2]

I motsetnad til måseartar som klekkar ungar med kamuflerande flekka dundrakt, er duna åt krykkjeungane farga i lyst grått og kvitt sidan dei er relativt lite trua av predatorar, då reira ligg i ekstremt bratte klipper. I kontrast til måseungar av andre artar som vandrar rundt så snart dei er klekte, sit krykkjeungane instinktivt stille i reiret mot veggen eller sidelengs. Krykkjer har tre årsklasser, det vil seie det tar tre år å nå kjønnsmoden alder. I vinterfjørdrakta har begge artane ein mørk grå flekk bak auget og eit grått bakhalsbånd. Kjønna kan ikkje skiljast visuelt.

Utbreiing og habitat[endre | endre wikiteksten]

Krykkjer er marine fuglar som lever i Nord-Stillehavet, Nord-Atlanteren og Arktis. Dei dannar store, tette, støyande koloniar i løpet av den reproduktive perioden sommarstid, og deler ofte habitat med lomviar. Dei er dei einaste måseartane som utelukkande hekkar i bratte klippevegger eller vegger på bygningar.

Hekkeplassar utanom det vanlege ligg i Newcastle upon Tyne og Gateshead nordaust i England. Krykkjer har laga hekkekoloni både på brua Tyne og bygninga Baltic Centre for Contemporary Art. Denne kolonien er krykkjekolonien ein kjenner i verda som ligg lengst inn i landet frå næraste kyst.

Artslista[endre | endre wikiteksten]

  • Krykkje, Rissa tridactyla, Black-legged Kittiwake, Linné, 1758, (VU)
Arten krykkje er ein av dei mest talrike sjøfuglane. Hekkekoloniar finst i Stillehavet frå Kuriløyane, rundt kysten av Okhotskhavet gjennom Beringhavet og Aleutane til søraustlege Alaska, og i Atlanterhavet frå St. Lawrencebukta gjennom Grønland og kysten av Noreg ned til Portugal, så vel som på dei høgarktiske øyane. Om vinteren utvidast leveområde lengre sør og ut til havs.
  • Raudfotkrykkje, Rissa brevirostris, Red-legged Kittiwake, Bruch, 1853, (VU)
Svært avgrensa utbreiing i Beringhavet, hekkar berre på Pribiloføyane, Bogosloføya og Buldirøya langt vest i Aleutane, Alaska, og på Kommandørøyane aust for Kamtsjatkahalvøya i Russland. På desse øyane deler raudfotkrykkjer nokre av hekkehabitata med arten krykkje, sjølv om det er lokal segregering mellom artane oppe i klippeveggene.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 336. ISBN 978-1-4081-2501-4. 
  2. Hatch, S. A., G. J. Robertson, og P. H. Baird (2020). Black-legged Kittiwake (Rissa tridactyla), version 1.0. I Birds of the World (S. M. Billerman, red.). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.bklkit.01

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Krykkjer