Måsefamilien
Måsefamilien | |
![]() Rosenmåse, Rhodostethia rosea |
Måsefamilien, Laridae, er ein biologisk familie av måsar, terner og saksenebbar som tilhører ordenen vade-, måse- og alkefuglar. Artane i familien førekjem over heile verda, men i liten grad ved Antarktis. Mange artar i familien er kystfuglar, men nokre artar lever i innlandet, i elvar, innsjøar og på våtmarker, men somme er òg periodevis knytt til menneske. Dei to måsane i slekta Rissa, krykkje og raudfotkrykkje, samt sabinemåse kan treffast på opent hav.
Artane i denne familien har symjehud på føtene og nebbet manglar cere, vokshud på overnebbet. Nasebora er på eller over midten av nebbet. Horndekket på nebbet er ikkje delt slik som hos stormfuglar. I absolutt eit fleirtal av artane er kjønna like. Fjørdrakta hos dei fleste artene av terner og måsar er vanlegvis hovudsakleg kvit og grå med innslag av svart, men somme har mørke fjørdrakter. Sommardrakter vil ofte avvike frå vinterdrakta. Ungfuglar har varierande grad av spraglete brun og grå fjørdrakt.
Oversyn over slekter[endre | endre wikiteksten]
Slekter i Laridae i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013,[1] norske fuglenamn er etter Norske navn på verdens fugler.[2]
- Slekt Creagrus, svalestjertmåse, Creagrus furcatus, endemisk for Galapagosøyane
- Slekt Rissa, krykkje langs kystar av nordlege Atlanterhavet og Stillehavet, samt raudfotkrykkje i Beringhavet
- Slekt Pagophila, ismåse, Pagophila eburnea, sirkumpolar i Arktis, på pakkis eller ved kanten
- Slekt Xema, sabinemåse, Xema sabini, sirkumpolar i Arktis
- Slekt Saundersilarus, gulehavsmåse, Saundersilarus saundersi, kysten av Kina, Korea og sørlege Japan
- Slekt Chroicocephalus, elleve relativt små måsar, dei fleste med hette. Slekta er vidt distribuert i alle verdsdelar unntatt Antarktis
- Slekt Hydrocoloeus, dvergmåse, Hydrocoloeus minutus, oppstykka leveområde i Eurasia inkludert vestlege og sørlege Europa. Avgrensa i N-Amerika
- Slekt Rhodostethia, rosenmåse, Rhodostethia rosea, lever i arktis, nordlege Amerika, Grønland og nordaustlege Sibir
- Slekt Leucophaeus, fem måseartar i «den nye verda», fleire med relativt mørk fjørdrakt
- Slekt Ichthyaetus, seks måsar i «den gamle verda»
- Slekt Larus, 22 store kvithovuda måsar, vidt spreitt, dei fleste på den nordlege halvkula, alle dei vanlege måseartane i Noreg er Larus-måsar: svartbak, sildemåse, gråmåse, fiskemåse
- Noddyar, oftast lista saman med terner
- Slekt Anous, tre tropiske noddyar, verdsomspennande distribusjon
- Slekt Procelsterna, to artar i Stillehavet, frå tropisk til temperert område
- Slekt Gygis, silketerne, Gygis alba, lita, kvit terne med utbreiing på øyar i tropiske hav
- Slekt Onychoprion, fire tropiske artar, fleire med mørk overside, ein art beringterne hekkar langs kysten av Alaska og Nordaust-Sibir
- Slekt Sternula, sju artar av små terner
- Slekt Phaetusa, tjukknebbterne, Phaetusa simplex, ei stor terne i og rundt Amasonasbassenget
- Slekt Gelochelidon, sandterne, Gelochelidon nilotica, ei stor terne, sirkumpolar i tropiske område
- Slekt Hydroprogne, rovterne, Hydroprogne caspia, nest største ternearten, sirkumpolar nær tropane, hekkar i tempererte område
- Slekt Larosterna, inkaterne, Larosterna inca, ei mørk terne ved kysten av Chile og Peru
- Slekt Chlidonias, ferskvassartar, tre svartterner med mørke område i fjørdrakta, og ei lysare, maoriterne
- Slekt Sterna, 13 vidt spreidde artar typiske terner, inkluderer raudnebbterne, makrellterne, rosenterne
- Slekt Thalasseus, seks terneartar med fjørtopp, verdsomspennande utbreiing, inkluderer verdas største art rovterne og splitterne
- Slekt Rynchops, tre artar saksenebbar, terneliknande fuglar i tropisk og subtropisk Amerika, Afrika og Sør-Asia
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Måsfåglar» frå Wikipedia på svensk, den 30. november 2014.
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 10. august 2014
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
