Kuben videregående skole

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°55′41.462″N 10°49′10.567″E

Kuben videregående skole
2015 - Kuben, Kabelgata.jpg
Kuben videregående skole
Foto: Kuben yrkesarena, 2015
MottoPå Kuben holder du mulighetene åpne!
SkuletypeVidaregåande skule med program i Bygg- og anleggsteknikk
Teknikk og industriell produksjon
Elektrofag
Helse- og oppvekstfag
Design og handverk
Vg2 IKT servicefag
Vg2 Transport og logistikk
Studiespesialisering
Grunnlagd19. august 2014
KommuneOslo kommune, Bydel Bjerke
AdresseKabelgaten 10-12, 0580 Oslo
RektorKjell Ove Hauge
Elevar560 elevar (2007)
Tilsette300
Nettstadkuben.vgs.no

Kuben videregående skole
59°55′40″ N 10°49′0″ E

Kuben videregående skole er ein kombinert vidaregåande skuleØkern i Bydel Bjerke i Oslo. Skulen opna august 2013 og er den største vidaregåande skulen i Oslo med over 1 500 elevar frå hausten 2015. Skulen er del av Kuben yrkesarena og er samlokalisert med Fagskulen i Oslo.

Kuben er Oslo kommune si storsatsing på yrkesfagleg utdanning. Skolen har tilbod innan nye nye utdanningsmodellar som dobbeltkompetanseløpet Yrkes- og studiekompetanse og vekslingsmodellen innan fleire utdanningsprogram. Skolen utviklar samstundes ei avdeling for studiespesialiserande utdanning. I den avdelinga har skulen etablert det unike tilbodet, teknologilinje med innovasjon, entreprenørskap og forsking.

Utdanningstilbod[endre | endre wikiteksten]

Kuben tilbyr heile sju forskjellige utdanningsprogram, med ei rekke programområder:

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tidleg på 2000-talet utarbeida Utdanningsetaten i Oslo planar for ei nysatsing på fag- og yrkesopplæring, då under namnet Risløkka kompetansesenter for yrkesfag. Bydelsutvalget i bydel Bjerke bestemte den 10. mars 2011 at namnet på skulen skulle vere Kuben videregående skole, og kompetansesenteret fekk namnet Kuben yrkesarena. Hausten 2013 stod skulen klar for oppstart. Fyrste rektor ved skulen er den tidlegare friidrettsutøvaren Kjell Ove Hauge.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. kuben.vgs.no:Kubens historie - helt fra 1921!, henta 7. mai 2014

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Kuben videregående skole

Galleri[endre | endre wikiteksten]